Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig 100 % fast stilling for overlege/psykiater ved Ambulante tenester allmenn - psykisk helse - DPS Ålesund.

Ambulante tenester allmenn er ein del av DPS Sunnmøre. Vi gir tilbod om utgreiing og behandling i pasienten sitt heimemiljø. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga og legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og kommunale tenester.

Frå hausten 2020 vil vi ha kontor i Digerneset Næringspark i Ålesund kommune. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
  • Rettleiing og supervisjon av LIS
  • Deltaking i kvalitetsforbetringsarbeid
  • Deltaking i bakvaktordning etter behov/ønskje

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
  • God norsk eller nordisk språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon
  • Gode evner til etablering av terapeutiske relasjonar
  • Innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens beste
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Vere personleg eigna
  • Ha ei fleksibel haldning

Vi tilbyr

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Eit fagmiljø med engasjerte og trivelege medarbeidarar  
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivbedrift (IA-bedrift)
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ronald Longva
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70273870
E-post: ronald.longva@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Ambulante tenester allmenn-psykisk helse-DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Digerneset Næringspark
6260 Skodje