Kort om arbeidsgiver
Sykkylven kommune har ledig avtaleheimel for fastlege med snarleg oppstart. Avtaleheimlen har 1000 listepasientar som ved oppstart har om lag 500 listepasientar. Kommunen vil i ei periode på inntil to år kunne stille med inntektsgaranti under oppbygging av pasientlista. 
Etter legeplanen for Sykkylven kommune skal talet på fastlegeheimlar aukast, og dette er ein nyoppretta legeheimel. 

Arbeidsstad
Kontorstad er Sykkylven Legetjenester AS. Dette er for tida eit privat eigd og drive legesenter og dei som får tildelt heimlane må inngå leigekontrakt med Sykkylven Legetjenester AS. Sykkylven kommune skal overta legesenteret innan 1.7.2021.

Senteret er lokalisert sentralt og ligg like ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter, BUAS. Legesenteret er godt utstyrt, nyttar WinMed3 journalsystem og er knytt opp mot Norsk Helsenett.

Spesielle krav til stillinga
I samsvar med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn ein - 1 - månad.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis, deltaking i legevakt og kan påleggjast offentlege allmennmedisinske oppgåver i samsvar med sentrale føringar i lover, føresegner og sentrale avtalar. Vaktbelastninga for fastlegane er lav, for tida 1-2 vakter pr. månad.

Kvalifikasjonar
  • Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
  • Krav om gjennomført LIS 1 som gir rett til refusjonar frå HELFO
  • Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
  • Kommunen vil prioritere søkjarar som har spesialitet i allmennmedisin eller er under spesialisering. Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin dersom dette manglar.
Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer ein tolmodig og empatisk fastlege som har stor respekt for pasientane og deira rettar og behov.
  • Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner. 
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid. 
  • Personlege eigenskapar vil verte særleg vektlagt.
Vi tilbyr
  • Avtaleheimelen er ledig frå snarast.
  • Vilkåra knytt til dette skjer med utgangspunkt i til kvar tid gjeldande sentrale og lokale avtalar (rammeavtalane ASA 4310 og ASA 4301, kommuneavtalen SFS 2305) og den individuelle avtalen som blir inngått med kommunen.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktperson
Navn: Margit Aure Overå
Tittel: kommunalsjef
Telefon: 91898751
E-post: margit.aure.overa@sykkylven.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven Legetjenester AS
Haugbukta 20
6230 SYKKYLVEN