Kort om arbeidsgiver
Vi har ledig 100 % stilling som sjukeheimsoverlege. Stillinga er nyoppretta og du vil dermed kunne vere med på å forme denne funksjonen.
Kommunen har to omsorgssenter, eit på Eggesbønes og eit i Myrvåg, med til saman 93 plassar.  

VENTAR DU PÅ GJENNOMFØRING AV LIS1, ELLER ØNSKER DU EIT VIKARIAT? DÅ ER DU OGSÅ VELKOMEN TIL Å SØKE

 Sjukeheimsoverlegen sine arbeidsoppgåver er tredelte.
  • Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheimane inkl. kontakt med pårørande og rettleiing av personalet
  • Deltaking i undervisning for personalet på fagdagar
  • Deltaking i overordna systemarbeid og fagutvikling for det medisinske arbeidet i kommunen sine sjukeheimar.
Sjukheimeslegane i dei sju kommunan på Søre Sunnmøre har fagnettverk der dei møtast fem gongar i året. Fylkesmannen har normalt 1-2 årlege samlingar for sjukeheimslegane i fylket.

Vi søker etter lege som 
  • har interesse og engasjement for sjukeheimsmedisin
  • har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • er fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingsarbeid
Vi vil legge godt til rette for at du skal få utvikle deg fagleg!

Som sjukeheimsoverlege har du ikkje vaktplikt, men du har høve til å ta vakter etter avtale med legevaktsjef.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Herøy kommune Møre og Romsdal
Avd. barn, familie og helse
Kontaktperson
Navn: Runa Bakke
Tittel: Avd. leiar barn, familie og helse
Telefon: 91621147
E-post: runa.bakke@heroy.kommune.no
Arbeidssted
Myrvåg/Herøy omsorgssenter
Myrvåg
6080 GURSKØY
Søk på stillingen