Kort om arbeidsgiver
Ålesund komkmune har ein fastlegeheimel ledig for overdraging til ny eigar frå medio juni 2020, eller etter nærmare avtale.
Heimelen er tilknytt Moa Legesenter AS. Listestorleik er 1300.
Moa Legesenter er ein veldreven og godt etablert 3 legepraksis, ein av heimelsinnehavarane har deleliste.
Rutinert og stabilt hjelpepersonell som består av helsesekretærar i 2,8 stilling.
 
Etter avtale mellom legen og Ålesund kommune kan legen tilpliktast offentleg arbeid på inntil 20 % stilling, med minimum 6 mnd. varsel.
 
Til heimelen inngår deltaking i kommunal legevaktsordning.
 
Vilkår for overdraging vert avtalt med heimelshavar etter retningslinjene frå legeforeningen. 

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege.  
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.  
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.  
  • God kunnskap om norsk lovverk.
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.  
  • Ynskjeleg med sjølvstendig vaktkompetanse.
  • Overtaking av fastlegeheimel føreset fremlegging av tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.   
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Kontaktpersoner
Navn: Roar Pedersen
Tittel: Heimelsinnehavar, Moa Legesenter AS
Telefon: 70164600
Navn: Marthe Weddegjerde
Tittel: Seniorkonsulent, VH Legetenester og akutt helseberedskap
Telefon: 986 49 389
Søknad
Søknad merkes: 4240040576
Arbeidssted
Moa Legesenter AS
Moa Helsehus, Vestmoa 6
6018 ÅLESUND