Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 12 månaders 100% overlegevikariat ved døgneining Seksjon Tertnes, Avdeling for Rusmedisin, med stor moglegheit for forlenging, men då ved ein annan seksjon. Vi søkjer primært etter spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin eller psykiatri. Det er moglegheit for å bli konstituert seksjonsoverlege på seksjon Tertnes i tida ein er der. 

Avdeling for rusmedisin vart frå 01.12.2019 utvida til å omfatte tidlegare Bergensklinikken. Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling, og er delt inn i fleire seksjonar, m.a. døgnpostane på Askøy, Tertnes, Skuteviken, Martens, Klokkarvik og Manger i tillegg til poliklinisk verksemd fordelt på LAR med ansvar for ca 1000 pasientar, poliklinikk for unge, vaksenpoliklinikk, ambulante tenester og vurderingseining for alle tilvisingar til rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt. Avdeling for Rusmedisin har 9 godkjende spesialistar i rus og avhengigheitsmedisin. 

Seksjon Tertnes består av 3 sengepostar og eit ambulant team knytt til ei av sengepostane. Sengepost 1 har 6 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Målsetjinga med opphaldet er avrusing, stabilisering og motivering og tilretteleggjing for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår. Sengepost 2 har 7 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Familieambulatoriet, er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengighetsproblematikk. Familieambulatoriet driv ambulant oppfølging av desse familiane fram til barnet når skulealder, itillegg til innleggelse og brukerstyrt seng.

Vi ser etter nokon som trivast med å jobbe i tverrfagleg team, med spennande pasientar og samtidig vere beslutningsdyktig.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med rus-og avhengigheitslidingar, somatiske- og psykiatrisk sjukdom
  • Samhandling og samarbeid med 1. og 2. linetenesta
  • Mottak av pasientar som vert lagt inn på tvang og som vert lagt inn på Kvinneposten og familieambulatoriet
  • Oppfølging av nokre pasientar poliklinisk
  • Deltaking i fagutvikling, rettleiing og undervising

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som er spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin og/eller psykiatri. Annan relevant spesialitet kan vurderast særskild
  • Den som vert tilsett må dokumentere norsk offentleg godkjenning
  • Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
  • Søkjarar som har kort tid igjen til godkjenning av spesialiteten kan også vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med krevjande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
  • Vi søkjer etter deg som har høgt fagleg nivå og trivast med å jobbe i tverrfagleg team 
  • Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
  • Vi verdset gode samarbeidsevner på tvers av profesjon 
  • Du er fagleg dyktig og har engasjement for vidareutvikling av fagområdet
  • Du er god til å rettleiie og lære opp mindre erfarne kollegaer i ein atmosfære med tryggleik, tillit og gjensidig respekt
  • Arbeidsmiljø er viktig hos oss. Det er derfor viktig at du er raus og respektfull i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar. Du evner å verdsette kollegaers kompetanse og erfaring, og kan engasjere deg i gode faglege refleksjonar
  • Du er opptatt av god og tillitsskapande pasientkommunikasjon
  • Personleg egnethet for faget og arbeidsoppgåvene vil vektleggast i stor grad

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Hege Tønnesen
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 46836501
E-post: hege.tonnesen@helse-bergen.no
Navn: Pia Kloster
Tittel: Seksjonsoverlege Seksjon Tertnes
Telefon: 41015858
E-post: pia.synnove.kloster@helse-bergen.no
Navn: Trude Larsen
Tittel: Seksjonsleiar, seksjon Tertnes
Telefon: 97581963
E-post: trude.larsen@helse-bergen.no
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen
Avdeling for Rusmedisin, Seksjon Tertnes
5021 Bergen