Kort om arbeidsgiver
Er du lege og har lyst til å lære meir om samfunnsmedisinske og akuttmedisinske problemstillingar til sjøs? Det er ledig ei 100% stilling som samfunnsmedisinar ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin med arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom telemedisin, allmennmedisin, arbeidsmedisin og samfunnsmedisin.
 
Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM) er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, med formål om å fremje helse blant sjøfolk og dykkarar. Senteret har 16 tilsette med variert fag- og erfaringsbakgrunn, og driv m.a. undervising, rådgjeving, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremiddel, regelverksarbeid, seleksjonsmedisinske utgreiingar av dykkarar og sjøfolk og driftar den norske telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. Senteret jobbar tett med m.a. Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret og Universitetet i Bergen, og har ei rekkje prosjektsamarbeid med andre offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa i Noreg og i utlandet.
 
NSMDM er ein seksjon ved Yrkesmedisinsk avdeling som forutan NSMDM består av Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Seksjon for klinisk spesialallergologi, Seksjon for hyperbarmedisin, ein sjukepleieseksjon og ein kontorseksjon. Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester (spesifikk bronkial provokasjon ved mistenkt yrkesrelatert astma, yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar og elektiv hyperbar oksygenbehandling). Det er utstrakt samarbeid på tvers av seksjonane. Avdelinga har eit regionalt ansvar for Helseregion III (Vestland og Rogaland). 

Arbeidsoppgåver

  • Telemedisin – vaktarbeid i Radio Medico, den telemedisinske legevakta til sjøs (for tida seksdelt vakt)
  • Prosjektleiing – inngå som prosjektleiar i prosjekt og satsingar innan maritim medisin ved senteret
  • Undervising – halde førelesingar på maritimmedisinske kurs for legar, sjukepleiarar, sjøfolk med helseoppgåver mv.
  • Anna aktivitet – aktivt bidra med eigne erfaringar og kompetanse til løyse senterets oppdrag i inn- og utland
  • Det er store moglegheiter for personleg utvikling i stillinga. Det vil kunne leggjast rette til forskingsaktivitet
  • Arbeidsoppgåver vil kunne bli endra over tid, tilpassa senterets utvikling/behov og kompetansesamansetninga i personellgruppa
  • Vi stiller ikkje krav om spesialkunnskapar eller anna særskild erfaring innan maritim medisin for tilsetjing i denne stillinga. All naudsynt opplæring vil bli gitt   

Kvalifikasjonar

  • Lege med variert erfaring frå primær og/eller spesialisthelsetenesta og interesse for samfunnsmedisin
  • Kjennskap til maritim sektor (sjøfart, fiskeri, oppdrett mv.) og erfaring frå helsetenester i eit kyst-/fiskerisamfunn vil telje positivt
  • Leiarerfaring/prosjektleiarerfaring, eventuelt også relevant tilleggsutdanning
  • Forskingsinteresse og formidlingserfaring vil telje positivt
  • Evne til å uttrykkje seg munnleg og skriftleg på både norsk og engelsk 

Personlege eigenskapar

  • Systematisk og resultatorientert
  • Ansvarsbevisst med evne til gjennomføring
  • Fleksibel og løysingsorintert

Vi tilbyr

  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Ei unik moglegheit for nybrottsarbeid
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling - vi vil leggje til rette for eit spesialiseringsløp innan samfunnsmedisin
  • Lønn etter avtale
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Marit Grønning
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55973875
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen