Kort om arbeidsgiver

Avdeling for kirurgi søker kirurgiske overlegar innan fagområda gastroenterologi, urologi, karkirurgi, samt bryst- og endokrinkirurgi.

Avdelinga er seksjonert innanfor generell og gastro- kirurgi, urologi, karkirurgi og bryst- og endokrin kirurgi. Det er budsjettert 15 overlegestillingar, der 11 er besatt. Seksjonen
har 9 stillingar for LIS 2 /LIS 3. Avdelinga har fylkesfunksjon for karkirurgi
og mamma/endokrin-kirurgi. I tillegg har avdelinga fylkesfunksjon for blant
anna rectum cancer og nyre cancer. 

Klinikk Ålesund sjukehus har ansvar for dei medisinske fagområda akuttmedisin, kirurgi og medisin med ca. 1000 tilsette. Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset i Helse Møre og Romsdal. Vi har eit sterkt fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø. Vil du bli med på laget? 

Arbeidsoppgåver

  • Avdelinga legg i haust om til seksjonerte bakvakter for urologi, karkirurgi og generell/gastro-kirurgi 
  • Legge til rette for deltaking i forsking og fagutvikling
  • For bryst-endokrin kirurgen må ein pårekne arbeid i Molde inntil 3-5 dagar pr. mnd for å bistå plastikk-kirurgen. For urologen må ein pårekne arbeid på nabosjukehus inntil 3 dagar pr. månad

Kvalifikasjonar

  • Relevant spesialkompetanse innan nemnde fagområder
  • Norsk autorisasjon og gode norske eller skandinaviske språkkunnskapar,munnleg og skriftleg 

For urologi:   
Ønskeleg med erfaring innan urologisk robotkirurgi

For karkirurgi: 
Må kunne utføre sjølvstendig akutt aortakirurgi
Ønskeleg med noko thoraxkirurgisk erfaring

For gastrokirurgi: 
Det vert krevd kompetanse innanfor laparascopisk colo-rectal kirurgi

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og strukturert
  • Gode norskkunnskapar muntleg og skriftleg
  • Ein bidragsytar til vårt gode arbeidsmiljø
  • Har vilje og evne til teamarbeid og utdanning av LIS-legar

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Valborg Anita Bakke
Tittel: Overlege (seksjonsleiar lege)
Telefon: 70106347
E-post: Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6017 Ålesund