Kort om arbeidsgiver
Stord kommune har oppretta ny fastlegeavtale som vil få 600 personar på liste eller grunntilskot ved etablering.

Praksisen er lokalisert i Landsbylegane Stord sentralt på Leirvik. Det er eit senter med 4 legar der 2 er spesialistar i allmennmedisin. Praksisen har stabil arbeidsstokk og tilsette med lang erfaring. Det er Infodoc journalsystem og eige kvalitetssystem i praksisen. Landsbylegane Stord skal flytta til lokale i det nye Helsehuset 01.07.2021.
 
Vaktordning
Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.
 
Vilkår
Legen får gå inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved kontoret. Overtakingsvilkår og etablering av praksis ved legekontoret vert avtalt direkte med aktuell fastlege. Det vert lagt til rette for økonomisk og praktisk støtte til spesialisering i allmennmedisin og grunntilskot ved etablering. Kommunen kan i tillegg tilby anna allmennmedisinsk arbeid. Det kan drøftast mellombels eller varig fastlønsstilling i avtalen (avheng av politisk godkjenning).
 
Legen har vaktplikt i Sunnhordland interkommunale legevakt inkludert KAD.

Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.
 
Vi legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.
God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.
 
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette. Det vert individuelt tilrettelagd støtte for utdanning i allmennmedisin etter nærare avtale.

Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.
 
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Det må leggjast fram politiattest.
 
Søknadsfrist: 15.06.2020
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Stord kommune
Kontaktpersoner
Navn: Lars Helge Sørheim
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 990 95 893
E-post: lhs@stord.kommune.no
Navn: Gunhild Sundal
Tittel: Aktuell fastlege
Telefon: 922 87 628
E-post: gunsun@broadpark.no
Arbeidssted
Landsbylegane Stord
Torgbakken 2
5411 STORD