Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger er eit sjukehus der ein kan få dekka alle læringsmål i pediatri. Avdelinga dekker ein barnepopulasjon på omlag 112.000 barn i alderen 0-18 år. Der er omlag 2500 innleggingar pr år korav omlag 750 ved nyføddavdelinga. Sjukehuset har ca. 4500 fødslar årleg. Der er ein godt utbygd poliklinikk med omlag 18 000 konsultasjonar pr år. Avdelinga underviser medisinerstudentar frå Universitetet i Bergen og Semmelweis Universitet i Budapest. Der er fleire aktive forskingsmiljø ved avdelinga og deltaking i forskingsprosjekt kan vera aktuelt. 

Det er no ledig ein fast overlegestilling frå 01.08.20. Stillinga er knytta til seksjon barn/ungdom (sengepost og poliklinikk). 

Ved intern tilsetjing kan det bli ledige vikariat. 

Attester, vitnemål og eventuell annan relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.  

Arbeidsoppgaver

  • Arbeidsoppgåver vil omfatta arbeid ved poliklinikk, postarbeid og vakt.
  • Legen deltar i avdelinga sitt undervisningsprogram, i supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering, i studentundervisning samt i relevant faggruppe.

Kvalifikasjoner

  • Vi søker primært etter spesialist i pediatri men LIS med kort tid igjen til spesialitet kan også vurderast for stillinga. Resterande tenestetid må i så fall oppgjevast i søknaden. Det er ønskeleg med kompetanse/erfaring i eitt eller fleire av følgande fagfelt: Infeksjon, nefrologi, hematoonkologi, sosialpediatri. 
  •  Forskingskompetanse eller interesse for forsking er ønskeleg og vil bli vektlagt i vurderinga av søkarane.
  • Norsk autorisasjon
  • Søkar må beherska norsk skriftleg og munnleg svært godt. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må min. ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.

Personlige egenskaper

  • God fagleg vurderingsevne
  • Evne til å jobba sjølvstendig og i team 
  • Evne til å jobba systematisk og effektivt 
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon med pasienter og kolleger
  • At søkar er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert. 
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet, både fagleg og kollegialt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidsliv(IA)-bedrift
  • Turgruppe og bedriftidrettslag
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 51 51 34 79
Arbeidssted
Avdeling Barne- og ungdomsklinikken, Helse Stavanger HF
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger