Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har 25 legar med ulike listestorleikar i kommunen. Vi har døgnopen legevakt to stader i kommunen, på Moberg i Os og i Eikelandsosen i Fusa.
Vi har ledig ein fastlegeheimel ved Flåten legesenter i Os frå 01.06.2020
Det er òg mogleg å overta heimelen tidlegare.

Om legesenteret
Flåten legesenter held til i kjøpesenteret Amfi Os.
Heimelen har for tida ei liste på 1000 pasientar, og inngår i ein gruppepraksis organisert som eit DA, med 25 % på kvar av dei fire legane.
Legesenteret brukar Infodoc plenario journalsystem og Melin/Credicare betalingsterminal, er tilknytt norsk helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pasientar, NAV, heimetenesta, sjukeheim og sjukehus. Senteret har alt av nødvendig laboratoriumsutstyr.

Bjørnafjorden kommune har døgnopen legevakt kor du inngår i vaktturnus med stor grad av fleksibilitet, anten du vil ha fleire eller færre vakter. Det er konkurransedyktig fastlønn og hjelpepersonell tilknytt for legevaktoppgåvene.
Kommunen er opptatt av eit godt og tett samarbeid med fastlegane, og jobbar systematisk på dette området gjennom velfungerande ALU (allmennlegeutval) og SU (samarbeidsutval).

Arbeidsoppgåver og ansvar er slik det følger av lov, forskrift og avtaleverk.
Det er ein føresetnad at praksis blir overdratt frå dagens heimelshavar i tråd med ASA 4310.

Kvalifikasjonar
- Gyldig legeautorisasjon utan avgrensingar
- Godkjent turnus/LIS1 eller tilsvarande med rett til trygderefusjon
- Spesialisering i allmennmedisin. Dersom du ikkje alt er spesialist i allmennmedisin, må forløpet vere påbegynt eller du må vere villig til å starte på spesialisering
- Vi legg vekt på erfaring frå allmennmedisin og relevante spesialitetar
- Krav om politiattest og NOKUT-godkjent utdanning

Personlege eigenskapar:
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar som er nødvendige for å fungere godt i heimelen
- Gode samarbeidsevner med kollegaer og hjelpepersonell
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, språkkunnskap tilsvarande "Bergenstesten" (test i norsk høgare nivå)
- Evne til å drive privat praksis.

Vi tilbyr
- Moglegheit til å jobbe som sjølvstendig næringsdrivande lege i ein etablert og veldriven praksis med inntjening frå første dag
- Det er ingen pliktar om kommunale allmennlegeoppgåver knytt til heimelen p.t.
- Fastlønn på legevakt med konkurransedyktig lønn og tilknytta hjelpepersonell
- Ein spennande jobb med gode kollegaer og erfarne helsesekretærar
- Låge driftsutgifter i ein kommune i vekst
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø på eit senter med alle fasilitetar og gode kommunikasjonsmoglegheiter...

Andre opplysningar:
Kommunen følger vanlege vilkår for avtaleheimlar, som går fram av lov, forskrift og avtalar. Vilkår for overtaking av praksisen avtalast med noverande heimelshavar etter at kommunen har fatta vedtak om tildeling. Ny heimelshavar må inngå internavtale med dei andre legane ved Flåten legesenter.

Ved spørsmål, ta kontakt med heimelshavar Anders Westgaard Lund, T. 971 66 702, anderslund@hotmail.no eller kommunalsjef Helse og velferd i Bjørnafjorden kommune, Monica T. Melvold, T. 930 06 821, mtme@bjornafjorden.kommune.no

Søknad
Søknadsbrev og CV vert å senda elektronisk, men fastsett søknadsblankett frå legeforreninga må også fyllast sendast Bjørnafjorden kommune Postboks 24 5649 Eikelandsosen
Rettkjende attestar og vitnemål må leggjast fram ved intervju.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktpersoner
Navn: Monica Totland Melvold
Tittel: Kommunalsjef helse og velferd
Telefon: 930 06 821
E-post: mtme@bjornafjorden.kommune.no
Navn: Anders Westgaard Lund
Tittel: Heimelshavar
Telefon: 971 66 702
E-post: anderslund@hotmail.no
Arbeidssted
Flåten legesenter
Prestegardskogen 2A
5210 OS