Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Seksjon for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus har ledig stilling for lege i spesialisering.
Seksjonen er ung og dynamisk, og legg vekt på trivsel og godt arbeidsmiljø i ein travel kvardag. Det blir kvart år utført omlag 70 000 undersøkingar fordelt på 13 laboratorier.
Vi utfører ultralyd, CT, mammografi, intervensjon/angio, MR, nukleærmedisin og generell røntgen.
Seksjonen er fulldigitalisert og har SECTRA RIS/PACS.
Seksjonen har 15 overlegestillingar, og 7 heimlar for spesialisering i radiologi.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver ihht. radiologi
- Legar utan erfaring gjennomgår ein introduksjonsperiode på ca 9 uker med hovudvekt på ultralyd, gjennomlysing, akutte CT-undersøkingar og granskingsarbeid
- Lege inngår i vaktordning etter endt innføringsperiode
- Seinare gruppe 1-teneste innan Helse Vest blir planlagt ved tiltreding
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med full rekvisisjonsrett
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg
- Fullført LIS-1 er fra 01.03.19 et krav
- Erfaring frå radiologisk arbeid vil bli lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Initiativrik
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Interesse for radiologifaget
- Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Obligatoriske kurs i samsvar med utdanningsplan
Utdanningsretning
Utdanningsnivå