Kort om arbeidsgiver

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.   

Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.. 

Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdomen, og redusere biverknadane.

Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er 23 LIS-legar og rundt 30 overlegar.

Vi har no ledig ei fast stilling som lege i spesialisering i onkologi (LIS 3).
I tillegg har vi ledig fleire LIS - vikariat av 6 til 18 månaders varigheit, med god mogeligheit for forlenging. Eit av desse vikariata er eigna for søkjarar som treng sideutdanning eller sjukehusår.

Tiltreding i stillingane seinast 1. september 2020. Opplys i søknaden og du søkjer fast stilling eller vikariat, og om du evt kan starte før denne datoen. 

Arbeidsoppgåver

  • Legar i spesialisering vil i rotasjon vere fordelt på ulike team på sengepostane. Legar i spesialisering deltar i postarbeid med mellom anna visittgang, inn- og utskriving av pasientar, poliklinikk og vurdering av pasientar saman med overlege. Seinare får legar i spesialisering under supervisjon av overlege sjølvstendige oppgåver knytta til vurdering av behandlingsopplegg, inkludert strålebehandling med målvoluminnteikning.
  • Det er p.t. 23-delt tilstadesvakt.

Kvalifikasjonar

  •  Den som blir tilsett som fast LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i onkologi
  •  Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i onkologi. Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Bergens-området, inkludert sideutdanning
    Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil den faste stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.   
  • For vikariata er det ein fordel om du har godkjend turnusteneste/LIS, men legar som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og søkje på vikariat 
  • Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga.
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må ha norsk autorisasjon som lege
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Anna som blir lagt vekt på er vitskapelege merittar og evner. Dokumentert relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Er effektiv og rasjonell når ein utfører sitt arbeid
  • Forstår raskt komplekse spørsmål og problem
  • Demonstrerer god fagleg kunnskap og vurderingsevne, og kan integrere dette i sitt daglege arbeid og i fagutvikling på ein god måte
  • Identifiserer og skil ut kva som er relevant informasjon om ein pasient, og sikrar korrekt oppfølging av pasienten
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og anna helsepersonell, kan tilpasse og formidle kompleks informasjon til desse
  • Behandlar pasientar og pårørande profesjonelt, respektfullt og empatisk, møte menneske i krise på ein god måte
  • Har god munnleg og skriftleg presentasjonsevne
  • Har vilje og evne til å tilpasse seg skiftande krav og tilhøve
  • Stillingane passar godt til legar med stor fagleg interesse og arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • God opplæring og rettleiing av erfarne legar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit givande arbeid og anledning til å utvikle seg mykje personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø    

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Terje Nordberg
Tittel: Ass. avdelingsoverlege
Telefon: 55977117/ 55972010
Arbeidssted
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen