Kort om arbeidsgiver

Avdeling for medisin og døgnopphold ved Kristiansund sjukehus har ledig to stillingar for lege i spesialisering (LIS) innan spesialitet indremedisin og gastroenterologi. Begge stillingane er 1-års
vikariat med oppstart etter nærare avtale.

Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar og geriatri. Avdelinga har òg ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak. 

Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri og nefrologi. LIS 2/3-legar deler sekundærvakta. Avdelinga har òg LIS1-legar og studentar frå NTNU.  

LIS 2/3-legar roterar på dei ulike oppgåvene på sengeposten og deltek i poliklinisk arbeid både innanfor generell indremedisin og innanfor greinspesialiteten. Den eine stillinga er med spesialitet innan gastroenterologi. Det inneheld moglegheiter for opplæring i fleire gastroenterologiske prosedyrar inkludert gastroskopi. Den andre stillinga er eit vikariat som lege i spesialisering (LIS) innan indremedisin, men med mogelegheit for å starte opp med vidare grenspesialisering innanfor dei ulike seksjonane.

Derfor kjem du til Kristiansund:

  • Kristiansund er perlen på Nordmøre med naturskjønn beliggenhet ut mot havet 
  • Hyggeleg småby med eit variert utvalg kaféar og spisestader 
  • Eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år
  • Ein kort biltur unna Atlanterhavsvegen med sin spektakulære beliggenhet og fleire sjarmerande fiskevær
  • Bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen, og med mogelegheit for vidare flybytte
  • Eit godt sosialt miljø 

Arbeidsoppgåver

  • Akuttmedisin/mottaksarbeid 
  • Visittgang sengepost
  • Polikliniske konsultasjonar
  • Deltaking i vaktordning 

Kvalifikasjonar

  • Norsk legeautoriasasjon 
  • Fullført  LIS1-tjeneste 
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og lærevillig 
  • Du har gode samarbeidsevner 
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du har stor evne til å kunne arbeide tverrfagleg

Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit breitt indremedisinsk fagmiljø 
  • Opplæring i eit stort utvalg av indremedisinske prosedyrar og læringsmål 
  • Eit hyggeleg kollegium med tett samarbeid mellom ulike fagområder
  • Aktiv internundervisning
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemsskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd 
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Heidi Vihovde Sandvig
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 450 20 305
E-post: Heidi.Vihovde.Sandvig@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlensvei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillingen