Kort om arbeidsgiver

Er du allmennlege, og engasjert i samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta? Då er denne oppgåva noko for deg!

Helse Førde har ledig fast 20% stilling for allmennlege som praksiskonsulent for område Nordfjord.

Praksiskonsulentane er allmennlegar med deltidsstilling i Helse Førde. Oppgåva er å bidra til gjensidig samarbeid, kunnskap og informasjon mellom nivåa i helsetenestene. 

Ein av våre trufaste praksiskonsulentar skal no pensjonere seg, og vi søkjer ein lege som kan erstatte henne, og som gjerne har praksis i Nordfjord-regionen.

Helse Førde har 3 praksiskonsulentar, ein for kvar region; Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Stillinga er knytt til i Fag- og utviklingsavdelinga med utviklingsdirektør som leiar, og fagdirektør og samhandlingssjef som nære samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å utvikle tenester og samarbeid. Det vil vere spanande oppgåver m.a. knytt til Pasientens helseteneste og etablering av helsefellesskap. 
  • Informasjonsaktivitet som bidreg til at legane i kommmunane og spesialisthelsetenesa har god kunnskap om kvarandre sin praksis. Presentasjonar i ulike fora kan vere aktuelt
  • Deltaking i samhandlingfora og utviklingsarbeid etter avtale
  • Rådgjeving om opplæring og informasjon t.d. ved innføring av nye ordningar
  • Regelmessige fellesmøte med dei andre praksiskonsulentane, samhandlingssjef og utviklingsdirektør
  • Arbeidet inneber noko reiseverksemd 

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen, og helst spesialisering som allmennlege og/eller samfunnsmedisin
  • Erfaring som allmennlege
  • God kjennskap til spesialisthelsetenesta 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, høg fagleg integritet
  • Strukturert
  • Gode formidlingsevner muntleg og skriftleg 
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Praksiskonsulentarbeid gir rett til fritak frå plikt til offentleg legearbeid i kommunen, jfr
  • Rammeavtalen mellom KS og DNLF §12.6.p
  • Kontorplass og naudsynte arbeidsverktøy vert stilt til disposisjon
  • Deltaking i nasjonale praksiskonsulent-fora, samhandlingkonferansar, andre kurs 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Anne Kristin Kleiven
Tittel: Uviklingsdirektør
Telefon: (+47) 415 30 341
Navn: Anne Stubdal
Tittel: Praksiskonsulent - leiar
Telefon: (+47) 416 75 553
Hjemmeside
Arbeidssted
Fag og utviklingsavdeling, Helse Førde
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Søk på stillingen