Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig fast stilling for lege i spesialisering i Hjartesjukdomar.

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet for spesialiteten Hjartesjukdomar. Spesialistutdanninga vil skje ved Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus. Dersom kandidaten treng tillegg av utdanning i generell indremedisin, vert det lagt til rette for rotasjon til Medisinsk avdeling, Mottaksklinikken eller Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Utdanningskandidatane roterer mellom dei medisinske faggruppene i avdelinga. Ein viser elles til utdanningsplan. Den som vert tilsett tar del i primævaktordning for Hjarteavdelinga. Etter fullført spesialisering, vil stillinga verte omgjort til stilling som legespesialist.

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv høgspesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område: Ikkje-invasiv biletdiagnostikk, invasiv koronardiagnostikk/terapi og perkutane ventilimplantasjonar, toraks-kirurgi, intensiv- og overvakingsmedisin, pacemaker-, ICD- og CRT behandling, hjartesviktpoliklinikk, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Medisinsk utvikling er framtredande, og forskingsaktiviteten er høg.

Hjarteavdelinga har to store sengepostar, ei intensiv- og overvakingseining, ein stor torakskirurgisk post, eiga pacemaker-operasjonsstove, fire torakskirurgiske operasjonsstover medrekna hybridstove, tre laboratorium for koronar angiografi/PCI, to elektrofysiologilaboratorier og fleire spesialpoliklinikkar.

Arbeidsoppgåver

  • Primærvakt for Hjarteavdelinga
  • Poliklinikk
  • Visittgang og postdrift
  • Opplæring og deltaking i ulike kardiologiske prosedyrar
  • Undervising
  • Forsking/kvalitetssikring

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i Hjartesjukdomar
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan kardiologi og ønskje om å bli kardiolog
  • Søkjar må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsorientert, strukturert og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
  • Evne til å syne trivsel i eit aktivt og endringsorientert miljø
  • Interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Løn i tråd med tariffavtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Nils Walde
Tittel: Ass. avdelingsdirektør
Telefon: 55976738
Arbeidssted
Hjarteavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen