Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig fast stilling for spesialist i voksenpsykiatri. Funksjonen er knytta til vårt allmenteam ved Poliklinikk psykisk helse DPS Molde og ambulant akutt team ved Ambulante tenester psykisk helse Nordmøre og Romsdal.

Klinikk for psykisk helse og rus inneheld 5 avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde og Ambulante tenester psykisk helse NR, ligg under avdeling for Distriktspsykiatriske senter — DPS Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er delt i fleire ulike team: To allmenteam, gruppeteam, ROP team, fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit 4-dagarsteam (B4DT) og eit merkantilt team. Poliklinikken har òg tilbodet "Arbeidsretta rehabilitering". Poliklinikken har 40 fagstillingar; overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, psykomotorisk fysioterapeut, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar. Seksjon for ambulante tenester består av fire team, derav to FACT team og to ambulante
akutteam (AAT). FACT Nordmøre og AAT Nordmøre er lokalisert på Nordlandet i
Kristiansund. FACT Romsdal og AAT Romsdal er lokalisert på Knausen i Molde.

Allmenteama er breitt samansett med hensyn til utdanning og fagleg orientering. Faggruppa består av psykologar, psykologspesialistar, psykiatarar, legar i spesialisering og psykiatriske sjukepleiarar. Etter tilvising frå primærhelsetenesten gjev teamene tilbod om utgreiing og behandling av personar over 18 år.

Ambulant akutteam (AAT) er eit tverrfagleg behandlingstilbod der ein gjev akutt psykisk helsehjelp til personar over 18 år. AAT gir tilbod om rask vurdering og korttidsbehandling for mennesker med psykiske lidningar, ev i kombinasjon med rusmiddelproblemer, som ikke kan tas hånd om av kommunehelsetenesten eller andre deler av spesialisthelsetenesten. 

Molde er rosens og jazzens by og eit eldorado når det gjeld alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennlig med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Byen har mange kulturelle tilbod, m.a. teater og jazzklubb. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Sjå video om Molde og Romsdalen her

Arbeidsoppgåver

  • Behandling, diagnostisering og utgreiing av pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
  • Samhandling og tverrfagleg samarbeid med kommunale tenester
  • Deltaking i kvalitetsforbetringssarbeid  
  • Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesta og legar i spesialisering
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet 

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Ønskeleg med brei klinisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnera 
  • Du må ha evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
  • Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit dynamisk fag- og forskningsmiljø som viser ansvar og evne til å realisere mål
  • Studiepermisjon 4 måneder kvar 5. år for spesialistar
  • Tilgang til internundervisning og kompetansegrupper
  • Dekning av flytteutgifter etter gjeldande regler
  • Moglegheit for tjenestebolig for ei periode
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Vi ber om at attestar og vitnemål lastes opp som vedlegg til din CV.                       

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Tor Martin Stølan
Tittel: Konst. seksjonsleiar Ambulante tenester psykisk helse NR
E-post: tor.martin.stolan@helse-mr.no
Navn: Tone Voje
Tittel: Teamleiar Poliklinikk psykisk helse
E-post: Tone.Voje@helse-mr.no
Navn: Hilde Starheim
Tittel: Teamleiar Ambulante tenester
E-post: Hilde.Starheim@helse-mr.no
Navn: Tone Skjerven
Tittel: Overlege psykiatri
E-post: Tone.I.Skjerven@helse-mr.no
Navn: Henning Nedberg
Tittel: Seksjonsleiar Poliklinikk psykisk helse DPS Molde
Telefon: 936 36 396
E-post: henning.nedberg@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk psykisk helse DPS Molde/ Ambulante tenester psykisk helse NR, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedvegen 12
6416 Molde