Fastlegeheimel på Ågotnes legekontor
Kontoret held til i moderne og funksjonelle lokale, om lag 25 minutt køyretid frå Bergen sentrum. Det er fem fastlegar på legekontoret, med flinke og erfarne legesekretærar. Det vert nytta Infodoc journalsystem. Listestorleiken er for tida 1300 pasientar. Listestorleiken kan endrast etter avtale med ny heimelsinnehavar. Fastlegeheimelen vert drifta etter sjølvstendig næringsdrivande modell.

Fastlegeheimel på Arkaden legesenter
Kontoret held til i funksjonelle og trivelege lokale i Sartor Storsenter på Straume, om lag 15 minutt køyretid frå Bergen sentrum. Det er fire fastlegar på legesenteret med flinke og erfarne legesekretærar. Det vert nytta Infodoc journalsystem. Listestorleiken er for tida 1000 pasientar. Listestorleiken kan endrast etter avtale med ny heimelsinnehavar. Fastlegeheimelen vert drifta etter sjølvstendig næringsdrivande modell.

For begge stillingane gjeld følgjande:
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført norsk turnusteneste/ LIS1
  • Svært gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd
  • Politiattest må ikkje vera eldre enn 3 månadar må leggjast fram før ein tek til i stillinga.
Øygarden kommune har gunstige ordningar når det gjeld økonomisk støtte til næringsdrivande fastlegar ved eventuelt fråvær frå praksis i samband med svangerskap eller sjukefråvær.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Øygarden kommune
Kontaktpersoner
Navn: Frode Hammer
Tittel: Fastlege Ågotnes legekontor
Telefon: 99710373
Navn: Ida N Egeland
Tittel: Fastlege Arkaden legesenter
Telefon: 98656360
Navn: Stein-Inge Stigen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 55 09 72 26
E-post: stein.stigen@oygarden.kommune.no
Arbeidssted
Ågotnes legekontor / Arkaden legesenter
Foldnesvegen
5353 STRAUMES