Stillingsomtale
Sykkylven kommune har ledig avtaleheimel for fastlege (næringsverksemd) med tiltreding frå 14.09.2020 eller tidlegare etter avtale. Avtaleheimlen har 1000 listepasientar.
 
Arbeidsstad
Kontorstad er Sykkylven Legetjenester AS. Dette er for tida eit privat eigd og drive legekontor (gruppepraksis) og dei som får tildelt heimlane må inngå leigekontrakt med Sykkylven Legetjenester AS. Det er for tida 6 fastlegeheimlar ved kontoret, 5,7 årsverk helsepersonell og eige laboratorie. Legekontoret vert kommunalt frå 1.7.2021.
 
Senteret er lokalisert sentralt og ligg like ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS). Legekontoret er godt utstyrt, nyttar WinMed3 journalsystem og er knytt opp mot Norsk Helsenett.
 
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis, deltaking i legevakt og kan påleggjast offentlege allmennmedisinske oppgåver i samsvar med sentrale føringar i lover, føresegner og sentrale avtalar. Vaktbelastninga for fastlegane er lav for tida 1-2 vakter pr. månad.
 
Krav til kompetanse
  • Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
  • Krav om gjennomført LIS 1 som gir rett til refusjonar frå HELFO
  • Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
  • Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner.
  • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Personlege eigenskapar vil verte særleg vektlagt, herunder at ein er tolmodig, empatisk, og har respekt for pasientar og deira rettar og behov
 
Kommunen vil prioritere søkjarar som har spesialitet i allmennmedisin eller er under spesialisering.
 
Spesielle krav til stillinga
I samsvar med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn ein - 1 – månad.
 
Overdragande fastlege vil krevje kompensasjon for opparbeidd praksis, jfr. ASA 4310, pkt. 5.6.
 
Vi tilbyr
Avtaleheimelen er ledig frå 14.09.2020 eller tidlegare etter avtale.
Avtaleheimelen og tildelingsprosessen er regulert av til kvar tid gjeldande lover, føresegner, avtaleverk og lokale avtalar (rammeavtalane ASA 4310 og ASA 4301, kommuneavtalen SFS 2305 og den individuelle avtalen som blir inngått med kommunen).
 
Søknad sendast
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og vi ber difor om at du sender elektronisk søknad.
Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden så ta gjerne kontakt med servicetorget, tlf. 70 24 65 00.
Alle som søkjer stilling sender attestar og vitnemål til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, eller til 
postmottak@sykkylven.kommune.no
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktpersoner
Navn: Margit Aure Overå
Tittel: kommunalsjef
Telefon: 91898751
E-post: margit.aure.overa@sykkylven.kommune.no
Navn: Eirik Solbakken Rødset
Tittel: fastlege
Telefon: 48175266
E-post: eirik.rodset@sykkylven.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven legesenter
Haugneset 20
6230 SYKKYLVEN