Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har 25 legar med ulike listestorleikar i kommunen. Vi har døgnopen legevakt to stader i kommunen, på Moberg og i Eikelandsosen.
Vi har ledig ein fastlegeheimel ved Sjøkanten legesenter i Os frå 01.09.2020

Om legesenteret
Sjøkanten Legesenter held til i Irisgården på Osøyro.
Heimelen har for tida ei liste på 1100 pasientar, og inngår i ein gruppepraksis organisert som aksjeselskap.
Legesenteret brukar Infodoc plenario journalsystem og Melin betalingsterminal, er tilknytt Norsk Helsenett og
har elektronisk meldingsutveksling med pasientar, NAV, heimetenesta, sjukeheim og sjukehus. Senteret har alt av nødvendig laboratoriumsutstyr, herunder spirometri, 24t blodtrykk og EKG. Dei to foregåande heimelshaverane har vore Sjømanns- og petroleumslegar og det er derfor høgare andel av desse pasientane enn i ein gjennomsnittleg heimel. Kontoret har for tida kontrakt med Kommunen om veiledning av turnuslege / LIS-1.

Bjørnafjorden kommune har døgnopen legevakt kor du inngår i vaktturnus med stor grad av fleksibilitet, anten du vil ha fleire eller færre vakter. Det er konkurransedyktig fastlønn og hjelpepersonell tilknytt for legevaktoppgåvene.
Kommunen er opptatt av eit godt og tett samarbeid med fastlegane, og jobbar systematisk på dette området gjennom velfungerande ALU (allmennlegeutval) og SU (samarbeidsutval).

Arbeidsoppgåver og ansvar er slik det følger av lov, forskrift og avtaleverk.
Det er ein føresetnad at praksis blir overdratt frå dagens heimelshavar i tråd med ASA 4310.

Kvalifikasjonar
- Gyldig legeautorisasjon utan avgrensingar
- Godkjent turnus/LIS1 eller tilsvarande med rett til trygderefusjon
- Spesialisering i allmennmedisin. Dersom du ikkje alt er spesialist i allmennmedisin, må forløpet vere påbegynt eller du må vere villig til å starte på spesialisering
- Vi legg vekt på erfaring frå allmennmedisin og relevante spesialitetar
- Krav om politiattest og NOKUT-godkjent utdanning

Personlege eigenskapar:
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar som er nødvendige for å fungere godt i heimelen
- Gode samarbeidsevner med kollegaer og hjelpepersonell
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, språkkunnskap tilsvarande "Bergenstesten" (test i norsk høgare nivå)
- Evne til å drive privat praksis.

Vi tilbyr
- Moglegheit til å jobbe som sjølvstendig næringsdrivande lege i ein etablert og veldriven praksis med inntjening frå første dag
- Fastlønn på legevakt med konkurransedyktig lønn og tilknytta hjelpepersonell
- Ein spennande jobb med gode kollegaer og erfarne helsesekretærar
- Låge driftsutgifter i ein kommune i vekst
- Eit triveleg og godt arbeidsmiljø og gode kommunikasjonsmoglegheiter

Andre opplysningar:
Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimlar, som går fram av lov, forskrift og avtalar. Vilkår for overtaking av
praksisen avtalast med noverande heimelshavar etter at kommunen har fatta vedtak om tildeling. Ny heimelshavar må inngå internavtale med den andre legen ved Sjøkanten legesenter.

Ved spørsmål, ta kontakt med heimelshavar Henning André Lien Mob 909 93 618 henning.andre.lien@gmail.com eller Ass. Kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune, Nils-Petter Borge T. 97045172 npbo@bjornafjorden.kommune.no

Søknad
Søknadsbrev og CV vert å senda elektronisk, men fastsett søknadsblankett frå legeforeninga må også sendast utfylt til
Bjørnafjorden kommune Postboks 24 5649 Eikelandsosen.

Rettkjende attestar og vitnemål må leggjast fram ved intervju.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktpersoner
Navn: Henning Andre Lien
Tittel: Heimelshavar
Telefon: 909 93 618
E-post: henning.andre.lien@gmail.com
Navn: Nils-Petter Borge
Tittel: Ass. kommunedirektør
Telefon: 970 45 172
E-post: npbo@bjornafjorden.kommune.no
Arbeidssted
Sjøkanten legsenter
Hamnevegen 48
5200 OS