Kort om arbeidsgiver

Ortopedisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, har ledig stilling som overlege ved seksjon for ortopdedisk traumatologi. Ortopedisk avdeling har 5 sengepostar, poliklinikk og ei dagkirurgisk eining.

Legane ved Ortopedisk avdeling er knytt til seksjonar for barneortopedi, traumatologi, protese- og revmakirurgi, rygg- og onkologisk kirurgi, ortopediske infeksjonar, samt nasjonalt kompetansesenter for leddprotesar og hoftebrot, Senter for bein- og blautvevssvulstar og Seksjon for funksjonsforbetrande kirurgi.

Seksjon for ortopedisk traumatologi har ansvar for pasienter med skadar, samt elektiv kirurgi i mellom anna handledd, olboge, skulder kne og fot. Stillinga vil i utgangspunktet vere knytta til behandling av kneskader, i tillegg til generelt vaktarbeid.

Tiltredelse hausten 2020 eller etter nærare avtale. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet vil bestå i å delta i utgreiing og behandling av ortopediske pasientar, med hovudvekt på pasientar med knerelaterte lidingar
  • Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising, kurs, etterutdanning og forsking
  • Ortopedisk avdeling er knytta til Det medisinske fakultet, institutt for kirurgiske fag ved UiB, og har ansvar for undervising av medisinarstudentar. Legar deltar i undervising av studentar
  • Tilsett vil delta i bakvakt som for tida er 12-delt

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i ortopedi eller ferdig spesialist innan 1 år
  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring med kneartroskopi og generell traumatologi
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Relevant forskingserfaring
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Avgjerdsfør
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Avdelinga legg til rette for deltaking i undervising, kurs, etterutdanning og forsking

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Randi Margrete Hole
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 91320167
E-post: randi.margrete.hole@helse-bergen.no
Navn: Jonas Meling Fevang
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 40200607
Arbeidssted
Seksjon for ortopedisk traumatologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen