Kommunelegekontoret på Voss består av eit kontor på Voss og eit utekontor i Granvin. Tilsaman jobbar det tre dyktige
fastlegar, ein turnuslege, to sjukepleiarar, ein helsesekretær og ein sekretær. Kontoret nyttar InfoDoc journalsystem.
Legekontoret ligg sentralt på Vossevangen og det tek om lag 5 minutt å gå til togstasjonen.
Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet. Legevakta er velfungerande, og lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er ca. 3-4 vakter i månaden.
 
Arbeidsoppgåver
Kurativ legeteneste ved kommunlegekontoret, med ansvar for utekontor i Granvin
Teneste ved Granvin sjukeheim
Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
Offentleg/kommunalt helsearbeid, herunder både løpande oppgåver og kvalitetsforbetrings- og utviklingsarbeid
Deltaking i legevakt
 
Me søkjer
Norsk autorisasjon som lege
Gjennomført turnusteneste
Gode samarbeidsevner og evner til å finna gode og heilskaplege løysingar
Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vil vektleggjast
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stilling
 
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktperson
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.kommune.no
Arbeidssted
Kommunelegekontoret
Uttrågata 15
5700 VOSS