Kort om arbeidsgiver

Barneseksjon har ledig fast overlegestilling i 50%, og 50% vikariat fram til 31.12.2024 med moglegheit for forlenging.

Seksjonen omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødd intensiveining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet. Vi dekkjer også legetenesta ved sjukehuset si barnehabilitering.
Barn sengeeining har 10 senger for barn 0-18 år og Nyfødd intensiveining har 8 senger for sjuke nyfødde og premature frå 28 veker. Me dekkjer alle pediatriske fagområde, og har tett samarbeid med universitetssjukehusa i Bergen og Stavanger.

Me har for tida 8 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering. Stilling som overlege inneber i utgangspunktet arbeid på begge sengeeiningar og poliklinikkar. Dette kan tilpassast etter ønskje og faginteresser. Det er også moglegheit til arbeid i barnehabiliteringa.
I stillinga inngår 8-delt bakvaktsordning med aktiv tid til 18 (14), deretter heimevakt med tilkalling.
Me er konkurransedyktige på løn.
Helse Fonna held på med ei omfattande utbyggjing av sjukehuset i Haugesund, som skal ferdigstillast i 2021.
Barneseksjonen deltar i desentral undervising av medisinarstudentar frå Universitetet i Bergen. Undervisingsoppgåvene blir delt mellom overlegane i seksjonen.

Velkommen til Haugesund!
Haugesund er ein by der du kan oppleve noko av det beste Noreg har å by på. Regionen strekk seg frå det opne havet i vest til fjord- og fjellandskapet i aust. Her finn du både fjord, foss, fjell, idyllisk øysamfunn og ei unik vikinghistorie.
Byen har eit rikt liv med fleire festivalar og moglegheit for aktiviteter som dykking, sandvolley og surfing. Haugesund er ein by med mange opplevingar på menyen.
Haugesund ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og det er god transport mellom byane. Bergen når du på ca 3 timar, medan Stavanger bare er 1,5 time unna. Haugesund har eiga lufthamn med fly til nasjonale og internasjonale destinasjonar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved barn sengeining, nyfødd intensiv og poliklinikk
  • Om ønskjeleg kan arbeid ved Familieambulatoriet og barnehabiliteringa vere ein moglegheit
  • Om ønskjeleg kan stillinga tilleggjast funksjon som medisinskfagleg rådgivar
  • Deltaking i undervising av LIS og medisinarstudentar
  • Overlegane går i 8-delt heimevakt, med aktiv teneste til 18:00 (kvardag) og 09:00 -14:00 (helg).

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning er eit krav
  • Relevant sjukehuserfaring vil bli vektlagt
  • Gode språkkunnskaperi norsk skriftleg og munnleg. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått B-nivå

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Trivs med teamarbeid
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Fleksibel og arbeidssam
  • Tåle høgt arbeidstempo i periodar

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt arbeidsmiljø
  • God moglegheit for fagleg utfordring og utvikling. Det blir gitt anledning til deltaking på kurs/kongressar med fri inntil 2 veker pr. år og dekking av utgifter inntil kr 20.000.
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst for legar

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Tove Elise Johansen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 52732345
Navn: Andreas Andreassen
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: (+47) 52732350
Hjemmeside
Arbeidssted
Barne Seksjon, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund