Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk klinikk er ein eigen klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk har 3 avdelingar på Sandviken; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og Avdeling for Stemningslidingar. Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) har 5 døgnseksjonar og ein poliklinikk med team for
tidleg oppdaging av personar med schizofrenispektrum lidingar (TOPS-teamet).

Avdeling spesialisert psykosebehandling har no ledig fast 100% stilling som overlege med oppstart medio mai. Stillinga er knytt til avdeling Tidleg psykose Sandviken (TPS).

Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år, og er ein del av Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP). Seksjonen er delt inn i to adskilte team der nokon plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagt frivillig eller på tvang. Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling .

Seksjonen er og knytta til ulike forskingsprosjekt og det vert drive systematisk kompetanseutvikling.  

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med psykoselidingar
  • Rettleiing og kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Fordel å kunne vurdere og fatte vedtak om bruk av tvang 

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du trivst med varierte utfordringar
  • Du er fleksibel og kommuniserer godt
  • Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå
  • Anledning til fordjuping, forsking og deltaking i prosjekt
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Margaret Mary Strand
Tittel: Ass. avdelingssjef
Telefon: 55958778
Navn: Rune Andreas Kroken
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55958400
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling, Helse Bergen
Sandviksleitet 1
5036 Bergen