Kort om arbeidsgiver
Praksisopplysningar:
Veldreven solopraksis i Skulegata 2, 5722 Dalekvam, 5 minutt å gå frå jernbanestasjonen. Praksisen er organisert som enkeltpersonforetak, og har pr 01.01.2020 ei listelengde på 1170 av 1500 personar. Kontorlokalet held til i 2. etasje og utgjer totalt 100 kvadratmeter der 78 kvadratmeter er kontorareal og resten fellesareal. Utleigar kan oppgradere/utvide etter avtale. Apotek i samme hus. Fast tilsett helsesekretær i 80% stilling og to helsesekretærar som vikar, begge i 10% stilling. Reinhald 20% stilling. Praksisen har gode rutiner med Infodoc journalsystem, selvbetjent betalingsterminal og velfungerande faktureringssystem. Trinnvis brukarstøtte. Fratredande lege har rett til å overdra opparbeidd praksis etter nærare avtale med ny lege. Utfyllande opplysningsskjema vert oversend søkjararane etter nærare avtale.
Det er daglegevakt ein dag/veke
Deltaking i interkommunal legevakt Voss, ettermiddag/helg/natt
Arbeidstid kvardager frå 08.30 – 16.00. Det må påreknas inntil 7, 5 timer i veka kommunalt arbeid som t.d sjukeheimsarbeid.
 
Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som lege (HPR nummer vert oppgitt i søknad). Gjennomført turnusordning/LIS1 eller tilsvarande. Spesialist i allmennmedisin eller i gang med spesialisering i allmennmedisin under vegleiing (LIS3). Ønskeleg med erfaring frå fastlegepraksis. Gode evner til  kommunikasjon, kjennskap til norsk helsevesen og gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. Politiattest må leggjast fram før tilsetjing,  og referansar må leggjast ved søknad.  Førerkort kl B og må kunne disponera eigen bil.
 
Personlege eigenskapar:
Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsinnstiling
Er fleksibel og meistrar en travel kvardag i samarbeid med personell, kolleger og kommunale samarbeidspartnarar. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
 
Kontaktinfo:

Kommuneoverlege Ole Miltzow Thorseth.
Tlf: 95444540

Heimelsinnehavar Kari Hegge
Tlf:  90997020
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Kontaktperson
Navn: Ole Miltzow Thorseth
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 56594410
E-post: ole.thorseth@vaksdal.kommune.no
Arbeidssted
Dale
Skulegata 2
5722 DALEKVAM