Kort om arbeidsgiver
Det er ledig fastlegeheimel med listestorleik 1020 med oppstart 01.07.2020 eller etter avtale.
Heimelen er knytt til Giske kommunale legesenter. Legesenteret er lokalisert på Ytterland på Valderøya. Gruppepraksis med totalt åtte
fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt
arbeidsmiljø og samarbeid. Journalsystemet er Infodoc Plenario.

Det er ikkje knytt kommunale oppgåver til stillinga.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande.

Tidlegare heimelsinnehaver har rett til å selje sin praksis i samband med
tildeling av heimelen.

Legen inngår leigeavtale med eige driftsselskap, Giske kommunale legesenter AS.
Deltaking i 9-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt og interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.


Arbeidsoppgåver
  • Kurativt arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i legevakt.

Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
  • God på kommunikasjon og samarbeid.
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.

Andre opplysningar:
  • Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
  • Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
     
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Giske kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anne-Line Sommerdalen
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: (+47) 934 62 221
Navn: Gretha Giske
Tittel: einingsleiar
Telefon: (+47) 970 28 234
Arbeidssted
Ytterland 1
6050 VALDERØYA