Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig fast stilling for lege i spesialisering, LIS 3, i Barne- og ungdomspsykiatri. 

Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken har god fagleg bemanning og arbeider etter kunnskapsbaserte metodar. Fremover har klinikken stort fokus på samhandling med kommunar samt kvalitetssikring, innovasjon og forskning. Klinikken har ledig stilling med oppstart ved BUP Åsane

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i barne- og
ungdomspsykiatri,
ein viser for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering vil
stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist 

Arbeidsoppgåver

  • Vedkomande som blir tilsett skal delta i utgreiing, diagnostisering og behandling av psykisk sjuke pasientar i alderen 0-18 år.
  • Den skal ha gode samarbeidsevner og delta i tverrfagleg arbeid. Den skal kunne kommunisere og samhandle godt med foreldre og barnets nettverk.
  • LIS tenesta vil bli tilrettelagt jfr ny forskrift med aktuelle læringsmål.

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 3 -stilling i barne- og ungdomspsykiatri.
  • Søkjar må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Du må trivast med å arbeide med barn og unge med psykiske utfordringar og deira føresette.
  • Du må trivast i eit aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Du må vere open for nye utfordringar og vere engasjert.
  • Du må ha evne til både å arbeide sjølvstendig og i tverrfagleg team.
  • Du må vere opptatt av og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Overlege som rettleiar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger.
  • Tilrettelegg for alle tenester som er nødvendig innan spesialisering i barne- og ungdomspsykiatri.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Bente Monstad
Tittel: ass.klinikkdirektør
Telefon: 55 97 44 51
Arbeidssted
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen