Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Stavanger tilbyr spesialistutdanning som dekkar heile utdanningsløpet i pediatri. Avdelinga sørger for ein barnepopulasjon på omlag 86.000 born i alder 0-18 år. Avdelinga består av sengepost barn og ungdom 3E/4D, nyføddintensiv 3D og barne- og ungdomspoliklinikken. Nyfødtintensiv mottar nyfødde med behov for intensivbehandling frå heile Rogaland og har eit pediatrisk transportteam i samarbeid med NLA/Sea-King redningsteneste.

Der er omlag 3500 innleggingar pr år korav omlag 500 ved nyføddintensivavd. Sjukehuset har nærare 5000 fødslar årleg. Der er ein godt utbygd poliklinikk med omlag 14 000 konsultasjonar pr år. Avdelinga underviser medisinerstudentar frå Universitetet i Bergen og Semmelweis Universitet i Budapest. Fleire av legane ved avdelinga driver aktiv forsking, og der er tilbod om forskingsrettleiing.  

Avdelinga har no to ledige faste LIS-stillingar.

Den eine stillinga er ei nyoppretta stilling i samband med at BUK utvidar tenestetilbodet sitt, og er ledig frå dags dato.

Den andre stillinga er ledig frå 01.04.20. Ved intern tilsetjing kan det bli ledige vikariat.

Det vil bli utarbeida ein individuell utdanningsplan før tilsetjinga.

Ein bed spesielt om at det blir oppført kor mykje teneste ein manglar for å oppnå spesialiteten og om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Stillinga vert lyst ut på www.legejobber.no.

Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedlegges søknaden.

Arbeidsoppgaver

  • Legen vil delta i vaktarbeidet ved avdelinga og rotera mellom dei ulike sengepostane og poliklinikk. 
  • Dagtidsarbeidet består av visittgang, mottak og poliklinisk vurdering av pasientar, samt barselundersøking av nyfødde.
  • Nytilsette legar gjennomgår ein opplæringsperiode på nyføddintensiv samt opplæringsvakter før ein har sjølvstendig vakt.  

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.
  • Gode norskkunnskaper er helt avgjørende for forsvarlig pasientbehandling. Søkere som har annet morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikke har fullført norskspråklig videregående skole, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annen norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedlegges søknaden. Ved ansettelse av allerede fast ansatt i foretaket kan en unntaksvis, i særlige tilfeller, fravike kravet om bestått norsktest på B2-nivå 

Personlige egenskaper

  • Motivasjon og interesse for fagfeltet. 
  • At søkar er påliteleg, fleksibel og løysingsorientert.
  • God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeida målretta, strukturert og effektivt.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Tydeleg og forståeleg kommunikasjon med pasienter og kolleger.
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet, både fagleg og kollegialt.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.
  • Gode velferdstilbod som m.a. bedriftsidrettslag og turgruppe. 
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 51 51 34 79
Arbeidssted
Barneklinikken leger, Helse Stavanger HF
Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8
4019 Stavanger