Kort om arbeidsgiver
Avdeling for Gastrokirurgi er ei avdeling i Kirurgisk klinikk. Avdelinga har høg aktivitet døgnet rundt med utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med sjukdomar innan fleire fagområde i gastroenterologisk kirurgi. Vi har stor spennvidde på oppgåvene relatert til lokal- og regionalsjukehusfunksjon. Avdelinga har høgspesialiserte funksjonar knytt både til kreftbehandling og behandling av godarta sjukdomar.
 
Aktiviteten ved avdelinga er delt inn i følgjande seksjonar; seksjon for øvre (gastroenterologisk) kirurgi, seksjon for kolorektal (gastroenterologisk) kirurgi og seksjon for barnekirurgi. Avdelinga har ein poliklinikk og tre sengepostar. Gastrokirurgisk avdeling har eit årsbudsjett på om lag 150 millionar kronar og 150 årsverk
 
Ein stor del av aktiviteten ved Gastrokirurgisk avdeling er knytt til øyeblikkelig hjelp behandling, men avdelinga har også fleire spesialfunksjonar. Døme på dette er; regionsfunksjon for kreft i spiserør og magesekk, delt regional funksjon for kreft i bukspyttkjertel og lever. Spesialiserte oppgåver knytt til kreft i endetarm og tjukktarm. I tillegg har vi spesialkompetanse i behandling av inflammatoriske tarmsjukdomar og bekken dysfunksjon.
 
Gastrokirurgisk avdeling disponerer for tida 58 senger fordelt på tre sengepostar og samarbeider med Karkirurgisk avdeling om poliklinikk. Vi har eit nært og godt samarbeid med de andre avdelingane i Kirurgisk klinikk og fleire andre avdelingar, samt behandlingsinstitusjonar i og utanfor Haukeland universitetssjukehus (HUS). Vår verksemd i HUS er spesielt avhengig av eit godt samarbeid med Mottaksklinikken og Kirurgisk serviceklinikk (KSK).   

Som avdelingssjef har du eit overordna og sjølvstendig ansvar for å sikre best klinisk praksis, god pasientbehandling og pasienttryggleik innanfor klinikken og føretakets rammer. Du har og overordna økonomisk ansvar.

Avdelingssjef skal bidra til gode løysingar og pasientforløp i tett samhandling med fleire einingar ved sjukehuset.

Vi ønskjer oss ein avdelingssjef som involverer og samlar dei tilsette. Vi forventar at du formidlar viktige verdiar og haldningar som vil bidra til at vi i Kirurgisk klinikk og ved Avdeling for gastrokirurgi fungerer saman i eit opent og godt fagleg fellesskap.
 
Avdelinga har ein komplisert logistikk. Difor er det viktig at du har solide kunnskapar innan fagfeltet og kan fatte avgjersler i den daglege drifta og samstundes byggje leiarskap og utvikle avdelinga over tid. Vi søkjer deg som har evne og vilje til å fronte gastrokirurgien på Haukeland universitetssjukehus og løfte fagfeltet inn i framtida. Leiar for Gastrokirurgisk avdeling vil ha vide fullmakter til å organisere og leie avdelinga innan dei til ein kvar tid gjeldande rammer.

Avdelingssjef for Avdeling for Gastrokirurgi sit i leiargruppa og rapporterer til klinikkdirektør i Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.   

Arbeidsoppgåver

  • Sikre god og fagleg forsvarleg drift av avdelinga
  • Overordna fag-, personal- og økonomisk resultatansvar
  • Leggje til rette for forsking, fagutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Ansvar for god resursstyring, pasienttryggleik og kvalitet i avdelinga
  • Mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule
  • Kunnskap og relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Relevant leiarutdanning og -erfaring er ønskjeleg
  • Erfaring frå prosjekt-, kvalitet- og forbetringsarbeid
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper, avdelingar og nivå i helsetenesta er ønskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du kan leie og bli leia
  • Du har eit godt lag med folk og får frem det beste i dei og tar avgjersler til det beste for heilskapen
  • Du trivast med å motivere og samle dei tilsette om felles mål og stiller krav til deg sjølv og medarbeidarane for å nå desse måla
  • Du har interesse og engasjement for alle sider av drifta ved avdelinga
  • Du har god økonomi- og organisasjonsforståing og jobbar analytisk og strategisk
  • Du evnar å fatte avgjersler og iverksetje desse
  • Du legg vekt på tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Du har fokus på å skape og bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • Du er initiativrik, har gjennomføringsevne og toler press

Vi tilbyr

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling, også som leiar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Lønn etter avtale
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: John-Helge Heimdal
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 93269470
E-post: john-helge.heimdal@helse-bergen.no
Arbeidssted
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillingen