Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk akuttmottak har no ledig 100% fast stilling som overlege, spesialist i psykiatri, med oppstart 06.03.2020.  

Psykiatrisk klinikk er ein klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen, og består av seks avdelingar; Psykiatrisk akuttmottak, Avdeling for stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Avdeling for spiseforstyrringar, Avdeling alderspsykiatri og Avdeling for psykosomatisk medisin.

Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.  Psykiatrisk akuttmottak består av seksjonane PAM1, PAM2 og Psykiatrisk ambulanse. Avdelinga skal gi raske og faglege vurderingar som kan danne grunnlag for vidare hjelp, samt starte behandling eller andre tiltak der det er nødvendig. PAM skal vere lett tilgjengeleg for andre instansar som har behov for råd og rettleiing.

Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagt tvungent psykisk helsevern.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike lidingar
  • Rettleiing og kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskjeleg
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Må kunne vurdere og fatte vedtak om bruk av tvang 

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du trivst med varierte utfordringar
  • Du tåler å stå i krevjande situasjonar
  • Du kommuniserer godt
  • Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Andreas Landsnes
Tittel: Avdelingssjef PAM
Telefon: 55958400
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk/ Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Helse Bergen
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillingen