Kort om arbeidsgiver
Regionalt legemiddelinformasjonssenter Vest (RELIS Vest) held til på Haukeland universitetssjukehus, og er organisert i Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF). RELIS Vest formidlar produsentuavhengig legemiddelinformasjon til helsepersonell og publikum og har ansvar for regionalt biverknadsarbeid. I samarbeid med legar i klinisk farmakologi tilbyr også RELIS kunnskapsbaserte oppdateringsvisittar til fastlegar (KUPP). RELIS Vest består av ein leiar, og 7 faste rådgivarar, alle famasøytar, der 1 stilling er vakant. I tillegg skal ein av rådgjevarane ut i permisjon og vi har behov for ein vikar. For legar kan arbeid ved RELIS Vest søkast godkjent for teljande teneste i klinisk farmakologi.

 Fast stilling er ledig frå 1. januar 2020, avhengig av eksternt tilskot for 2020. Vikariat er ledig frå 1. mars 2020 og foreløpig til 7. april 2021.

Arbeidsoppgåver
  • Delta i det daglege arbeidet med å svare på spørsmål og vurdere biverknadsmeldingar frå helsepersonell samt å svare på spørsmål til Trygg Mammamedisin
  • Delta i arbeidet med kunnskapsbasert oppdateringsvisittar (KUPP) hos fastlegar
  • Delta i arbeidsgrupper i RELIS nasjonalt
Kvalifikasjonar
  • Farmasi/Klinisk farmakologi
  • Utdanningstittel: Cand Pharm, Master i farmasi, Cand.med 
Personlege eigenskapar
  • Ved vurdering av søkjarar blir det lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Interesse for søk  legemiddelinformasjon og biverknadsarbeid
  • Intreresse for undervising, formidling og litteratursøk
  • Norsk og engelsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • God opplæring 
  • Lønn og arbeidstid etter gjeldande overeinskomst
  • Ei god pensjonsordning 
Utdanningsretning
  • Medisin
Utdanningsnivå
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Stillingskategori
Rådgiver
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Jan Didrik Schjøtt
Tittel: Overlege, leder RELIS Vest
Telefon: 55977844
E-post: jan.didrik.schjott@helse-bergen.no
Arbeidssted
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Vest
Haukelandsveien 22
5021 Bergen