Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) er ei generell pediatrisk avdeling og har spesialisthelsetenesteansvar for medisinsk utgreiing og behandling av barn og unge i alder 0 til 16 år (18).  Barneavdelinga jobbar for å heve aldersgrensa ved avdelinga til 18 år og arbeider med ungdomshelsestrategi.
Avdelinga tek imot nyfødde og premature ned til gestasjonsveke 31, yngre dersom dei er stabile etter fødselved td regionsjukehus. Avdelinga har ambulerande poliklinisk teneste til Lærdal og Eid. 

Barne- og ungdomsavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig vikariat for Overlege/Spesialist i barnesjukdommar frå 15.06.2020.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Søkarar utanfor Skandinavia må ha tilfredstillande og dokumentert kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Arbeidsoppgåver

  • Avdelinga si verksemd er ved sengepost, poliklinikk og til barn og unge med behov for habiliteringstenester.
    På Barne- og ungdomsavdelinga i HF har dermed fagfolk mulighet til å få brei erfaring og kompetanse
    vedrørande mange område innan pediatrien.
  • Det vert stilt krav til aktiv deltaking ved undervisning i avdelinga og rettleiaransvar for legar i spesialisering.

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i barnesjukdommar - søker etter generell pediater med vaktkompetanse innan generell pediatri (frå for tidleg født til 18 år).
  • Må ha utdanning og norsk autorisasjon som lege/spesialist.
  • Arbeidserfaring/interesse for barnenevrologi og barnehabilitering er ein fordel.
  • Må beherske generell pediatrisk vaktkompetanse inkl. nyføddmedisin.
  • Du må gjerne vere fleirspråkeleg, men grunna kommunikasjon med barn må søkar beherske norsk godt både skriftelg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter ein utadvendt og godt strukturert medarbeidar
  • God kommunikasjonsevne med barn og pårørande er viktig
  • Du må kunne trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team og ha evne og lyst til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vi legg også vekt på at våre medarbeidarar er samarbeidsvillige og har evne til omstilling, samt idareutvikling av avdelinga

Vi tilbyr

  • Løn og arbeidsavtale i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Avdelinga har eit stabilt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige fagfolk
  • Det er gode samarbeidstilhøve på tvers av avdelingar og klinikkar og lett tilgang til flotte turområde
  • Oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg med hjelp med bustad, så skal vi gjere så godt vi kan 
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Solveig Horstad Berget
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 578 39 116
Hjemmeside
Arbeidssted
Barne- og Ungdomsavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde