Kort om arbeidsgiver

Vi har ein moderne seksjon som held til i lyse og trivelege lokalar. Vi har 5 overlegestillingar og 2 LIS-stillingar. Vi legg vekt på eit høgt fagleg nivå og har godt samarbeid med førstelineteneste og private aktørar.

Augeavdelinga har ca. 13 000 polikliniske konsultasjonar i året. Vi utfører: Øyelokkskirurgi, strabismeoperasjonar, trabekulektomiar, cataractoperasjonar, diverse tåreveisoperasjonar, injeksjonsbehandlingar med anti-VEGF hemmarar/Ozurdex og laserbehandling av diverse tilstandar.

Haugesund sjukehus er det største sjukehuset vårt. I januar 2018 starta ei stor utbygging og oppussing av sjukehuset. Haugesund er ein kystby med lang historie, og regionen har rundt 180 000 innbyggjarar. Her er vakker natur og fleire store kulturfestivalar. Regionen har eit betydeleg næringsliv særleg innan maritime verksemd, industri og handel, høgskule med fagmiljø innan helse, økonomi/administrasjon og ingeniørfag og internasjonal lufthamn.

18 måneders vikariat fra februar 2020 til august 2021

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk og behandling av allmennoftalmologiske problemstillingar
  • Erfaring med kirurgi er ein fordel
  • Erfaring med DIPS er en fordel 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Erfaring som lege innan øyefaget er ønskjeleg
  • Annan relevant medisinsk fagleg arbeidserfaring
  • Må kunne kommunisere godt på norsk/nordisk språk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og effektiv
  • Pasientorientert
  • Gode samarbeidsevner og god til å arbeide i team
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Trenger du hjelp med bustad eller anna ved flytting, ta kontakt for å høyre korleis vi kan hjelpe deg.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Jan Seemann
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 52732477
Navn: Elvisa Selimovic
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: 52732406
Hjemmeside
Arbeidssted
Øye seksjon, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund