Det er ledig fastlegeheimel ved Medicus helsesenter i Øygarden kommune. Legekontoret har i dag 5 fastlegar og ein LIS 1 lege, men det er planlagt ytterlegare utviding av legekontoret til 7 fastlegar innan nokre år. Kontoret er lokalisert i nye moderne lokale i Øygarden lokalmedisinske senter sentralt på Straume, ca. 15 min kjøretid frå Bergen sentrum.  Vi har eit godt arbeidsmiljø med erfarne og flinke legesekretærar. Heimelen driftast som sjølvstendig næringsdrivande. Legekontoret nyttar Infodoc journalsystem.
Det kan påleggast anna kommunalt legearbeid inntil 7,5 timar pr veke samt legevakt pr. tid 18. delt vakt ved Sotra legevakt.  Øygarden kommune praktiserer pr. tid det slik at heimelsinnehaverar som ynskjer fritak frå kommunalt legearbeid og legevakt utanom fastlegearbeidet får fritak for dette. Listestorleik er 1080 pasientar. Ny heimelsinnehavar kan i samråd med kommunen gjere endring på listestorleiken om ynskjeleg.
Øygarden kommune har tilleggsordning med omsyn til fastlegane når det gjeld langtidssjukdom og svangerskapspermisjon samt mogeleg med avtale om tilbakekjøp av heimelen innan nokre år hvis ny heimelinnehavar ikkje trivast.
 
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført turnusteneste/LIS1
Personlege eigenskapar:
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner og stor vilje til å samhandle med andre delar av helsetenesta i Øygarden kommune
  • Genuin interesse for mennesker, deira helse og livssituasjon 
  • Gode kommuniksjonsevner, viktig med gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli særskild vektlagt
Anna:
Den som får tilbod om fastlegeheimelen må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.
 
Kontakt:
Heimelsinnehaver Bente Langedal tlf 97002994
Kommuneoverlege Stein-Inge Stigen tlf 99626626 /stein.stigen@oygarden.kommune.no
 
 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Medicus Helsesenter
Kontaktpersoner
Navn: Bente Langedal
Tittel: Heimelsinnehaver
Telefon: 97002994
Navn: Stein-Inge Stigen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 99626626
E-post: stein.stigen@oygarden.kommune.no
Søknad
Søknad merkes: Fastlege Medicus
Arbeidssted
Medicus helsesenter, Straume
Foldnesvegen
5353 STRAUME