Kort om arbeidsgiver
Vi har ledig fast stilling som Lege i spesialisering ved Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund. I tillegg er det ledig eit kortare vikariat i høve foreldrepermisjon. Stillingane er ledig frå 15. mars 2020 eller etter avtale. 

Avdelinga dekkjer sjukehusa i Molde og Kristiansund, med vakt i Molde. Undersøkingar vert beskrivne ved begge sjukehus via digital PACS/RIS.
Arbeidstid for tida i Molde, men det kan leggjast til rette for teneste i Kristiansund for LIS med noko erfaring.
LIS går i 8 delt primærvakt.  

SNR, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, skal ha byggestart siste halvdel av 2020 og skal etter planen stå klart i 2024. 

Arbeidsoppgåver
Beskriving av røntgenbilder, CT, ultralyd. Intervensjonar av varierande art. For meir erfarne kandidatar MR-beskrivingar. Vakt. Demonstrasjonar og andre samarbeidsmøter med klinikere.

Kvalifikasjonar
Søkjar med radiologisk erfaring vil bli føretrekt til fast stilling. Dersom ein ikkje har radiologisk
erfaring er det ein fordel med gjennomført norsk LIS1-teneste for tilsetting (nødvendig dersom ein ikkje har begynt på spesialisering før 1. mars 2019).
Tilsett med meir enn tre år igjen av spesialiseringa per 1. mars 2019 skal vurderast og godkjennast etter ny spesialistforskrift. Avdelinga samarbeider med St. Olavs hospital for gjennomføring av nødvendige deler av spesialiseringa.
Blankett for søknad om legestilling må leverast.
Den som vert tilsett må meistre norsk språk munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr
Løn etter gjeldande overeinskomst.
Gode forsikrings- og pensjonsordninger.
Triveleg arbeidsmiljø.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift) 
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund
Kontaktperson
Navn: Martin Grotnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71 12 23 95
Hjemmeside
Søknad
Søknad merkes: 4176608784
Arbeidssted
Molde
Molde
6407 MOLDE