Kort om arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk har ledig vikariat i 100% stilling som lege i spesialisering i tida 01.02.2020 – 31.01.2021 med arbeidsplass i Førde. Søkjarar som treng sideutdanning på sjukehus er også velkomne til å søkje på stillinga.

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for 13 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 16 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
  • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
  • Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
  • Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Søkjar må ha førerkort i klasse B
  • Ønskelig at søker har gjennomført LIS1 eller har anna legepraksis

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Faglig og personlig utvikling
  • Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde
Kontaktperson
Navn: Evy-Helen Helleseth
Tittel: Seksjonsleiar leger
Telefon: (+47)578 39 470
Hjemmeside
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde.
Svanehaugvegen 2
6812 Førde