Kort om arbeidsgiver

Vi søkjer legar med minst eitt års relevant erfaring etter fullført LIS 1 teneste, for spesialiseringsløp som Akutt- og Mottaksmedisinar.

Mottaksklinkken har 6 einingar, Utgreiingsmottak 1 og 2, Akuttmottak, Korttidspost, Diagnostisk senter og Akuttpost. Utgreiingsmottaket er eit tilbod til pasientar med behov for tverrfagleg utgreiing ved akutt sjukdom. I akuttmottak har Mottaksklinikken sine overlegar eit særskild ansvar for primærvurdering/triage, samt oppfølging av pasientar med høg hastegrad. Kortidsposten er ein observasjonseining for pasientar med avklarte problemstillingar og forventa kort liggjetid. Diagnostisk senter er ein poliklinikk med ansvar for eit diagnostisk pakkeforløp for pasientar med mistanke om alvorleg sjukdom/kreft med usikker organtilhøyrsle. Akuttposten er spesialisert på rusproblematikk, i tillegg har vi ein eining for forsking og utvikling.

Det var ca 37 000 pasientar gjennom akuttmottak og nærare 14 000 ØH avdelingsopphald i sengeeiningane i løpet av 2018. Mottaksklinikken har 2 overlegar med bistilling ved UiB og det pågår for tida fleire store kliniske studiar. Motiverte søkjarar vil ha gode moglegheiter for å kunne delta i klinikkens forskingsaktivitet.

Vi har ledig faste stillingar og vikariat i 6 månader. 
Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga. 

For fast stilling gjeld følgjande:
Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i akutt- og mottaksmedisin, ein viser for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Arbeidsoppgåver

  • LIS-Legane som blir tilsett vil få oppgåver i alle klinikkens einingar, inkludert teneste i Akuttmottak og vil arbeide tett saman med klinikken sine overlegar
  • LIS-legane vil også ha oppgåver i teama saman med helsepersonell med ulik bakgrunn og kompetanse
  • Det blir nattevakter og i tillegg kjem helge- og kveldsarbeid i dei ulike einingane i Mottaksklinikken

Kvalifikasjonar

  • Mottaksklinikken skal byggje opp tverrfagleg kompetanse og vi søkjer etter LIS-legar med ulik medisinskfagleg bakgrunn
  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i akutt- og mottaksmedisin 
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
  • Forskingskompetanse er ein fordel
  • Eitt års erfaring frå relevant teneste i sjukehus

Personlege eigenskapar

  • Din motivasjon for å arbeide med akutt sjuke pasientar er veldig viktig
  • Vi søkjer deg som trivast når det er travelt, har pasienten i fokus og er opptatt av god logistikk og høg fagleg kvalitet i akuttkjeda
  • Du må like utgreiing og diagnostikk og du hentar fram det beste i deg når du jobbar i tverrfaglege team
  • Du har brei erfaring og godt klinisk blikk

Vi tilbyr

  • Ein unik moglegheit til nybrotsarbeid
  • Høgt fokus på forsking
  • Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Lønn etter gjeldane overeinskomst
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Bård Østnor
Tittel: Ass. Einingsleiar
Telefon: 55970308
E-post: bard.ostnor@helse-bergen.no
Navn: Rune Oskar Bjørneklett
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 55978205
E-post: rubj@helse-bergen.no
Arbeidssted
Mottaksklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen