Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering i revmatologi. Vikariatet er for seks månader med moglegheit for forlenging.

Revmatolgisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av revmatologiske sjukdomar er samla. Revmatologisk avdeling har ein stor poliklinikk og har 6 senger i felles sengepost med Hudavdelinga. Avdelinga driv etter moderne behandlingsprinsipp og er i stadig utvikling og forskingsaktiviteten er høg.

Arbeidsoppgåver

  • 12-delt primævaktordning med heimevakt
  • Poliklinikk
  • Visittgang og postdrift
  • Opplæring og deltaking i ulike revmatologiske prosedyrar, sjå krav til spesialistutdanning
  • Undervising
  • Forsking/kvalitetssikring
  • LIS har personleg rettleiar og deltar i avdelingas regulære utdanningsprogram
  • Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising og kurs og annan etterutdanning

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i revmatologi
  • Søkjar må meistre norsk munnleg og skriftleg (Det vert kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Det blir lagt vekt på relevant medisinsk erfaring, særskild innan revmatologi og indremedisin

Personlege eigenskapar

  • Interesse og motivasjon for fagfeltet revmatologi
  • Samarbeidsorientert, strukturert og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
  • Tydeleg kommunikasjon overfor pasientar og pårørande
  • Evne til å trivast i eit aktivt og endringsorientert miljø
  • Interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Alf Henrik Andreassen
Tittel: Avdelingsdirektør
Telefon: 55975400
E-post: alf.henrik.andreassen@helse-bergen.no
Arbeidssted
Revmatologisk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen