Kort om arbeidsgiver
Vestre Slidre kommune har ledig fastlegestilling med fastlønn frå 01.03.20 ved Slidre legesenter. 

Slidre legesenter er lokalisert på Slidretun som er eit 3-legesenter og har i tillegg LIS 1. Kontorlokala er lyse og venlege med utsikt over Jotunheimen. Vi nyttar CGM journalsystem, har eigen lab, skadestue med moderne utstyr, nytt GU-rom og er i ein unik økonomisk situasjon for å kjøpe inn medisinsk-teknisk utstyr som til dømes ultralyd.

Arbeidsoppgåver
For tida er det 720 listepasientar, men listestorleiken kan bli utvida til  950. Kommunale oppgåver må påreknast. Per i dag er dette helsestasjons-og skulehelsetjeneste med 3 timar kvar veke. Til stillinga er det og eige vaktsett ved interkommunal legevaktsentral på Fagernes i 18-delt turnus. 

Kvalifikasjonar
  • norsk autorisasjon som lege
  • gjennomført norsk turnusteneste/LIS1
  • søker bør ha førarkort 
  • godkjent politiattest er ein føresetnad. 
Personlege eigenskapar
  • gode evner til samarbeid og samhandling
  • gode kommunikasjonsevner, herunder flytende norsk munnleg og skriftlig
Ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigenskaper og fagleg kompetanse. 

Vi tilbyr
  • tilrettelagt oppstart som LIS3, spesialisering i allmennmedisin
  • moglegheit for fri ein dag i veka
  • fastløn for deltidstilling etter kommunale vilkår
  • eit velfungerande kontorfelleskap
  • gode kollegaer som begge er spesialistar i allmennmedisin med lang erfaring
  • dyktig hjelpepersonell som er tilsett i kommunen
  • fagleg variert og innhaldsrikt legearbeid i distrikts-Norge
  • kommunen kan stille seg positiv til omgjering til næringsdrift på eit seinare tidspunkt dersom det er ynskjeleg
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Vestre Slidre Kommune
Kontaktpersoner
Navn: Ragnhild Strømmen Strand
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 47305836
E-post: ragnhild.strommen.strand@vestre-slidre.kommune.no
Navn: Siw Fosheim
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 90035396
E-post: siw.fosheim@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidssted
Slidre legesenter
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Søk på stillingen