Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune har to ledige fastlegeheimlar. 

Ein heimel er tilknytt Jomarka Legesenter DA. Den er ledig for overdraging frå 01.01.2020.  Listelengda er 1050. Legesenteret held til i moderne lokale. Kontoret er godt utstyrt og journalsystemet er CGM journal. Kontoret har 4 fastlegar, dyktige medarbeidarar og godt arbeidsmiljø.   
Fullstendig utlysing Jomarka Legesenter AS: 
https://6325.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4170892963?link_source_id=0


Den andre heimelen er tilknytt Moa Legesenter AS. Listestorleik er 1300.
Moa Legesenter er ein veldreven og godt etablert 3 legepraksis, ein av heimelsinnehavarane har deleliste.
Rutinert og stabilt hjelpepersonell som består av helsesekretærar i 2,8 stilling. Heimelen er ledig for overdraging til ny eigar frå medio juni 2020, eller etter nærmare avtale.   
Fullstendig utlysing Moa Legesenter AS:
https://6325.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4170890122?link_source_id=0

For begge stillingane gjeld: 
- Etter avtale mellom legen og Ålesund kommune kan legen tilpliktast offentleg arbeid på inntil 20 % stilling, med minimum 6 mnd. varsel.
- Deltaking i kommunal legevaktsordning.   
-Vilkår for overdraging vert avtalt med heimelshavar etter retningslinjene frå legeforeningen. 

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege.  
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.  
  • Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.  
  • God kunnskap om norsk lovverk.
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.  
  • Ynskjeleg med sjølvstendig vaktkompetanse.
  • Overtaking av fastlegeheimel føreset fremlegging av tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.   

For fullstendige utlysingar og søknadsskjema sjå 
https://www.nyealesund.no/ og Ledige Stillingar

  
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Kontaktperson
Navn: Marthe Weddegjerde
Tittel: Førstekonsulent, VH Legetenestar og akutt helseberedskap
Telefon: 986 49 389
Arbeidssted
Åsesvingen 16
6017 ÅLESUND