Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig 3 vikariat på 6 månader for lege i spesialisering - psykiatri.

Spesialistutdanninga vert gjennomført i Divisjon psykisk helsevern ved dei ulike vaksenpsykiatriske klinikkane. Divisjonen har 6 klinikkar. Klinikkane har differensierte oppgåver knytt til akuttbehandling, korttidsbehandling, rehabilitering, dag- og døgntilbod samt poliklinikkar innan vaksenpsykiatri og barne-og ungdomspsykiatri. Tenestene er dels organiserte i distriktspsykiatriske senter og dels i sjukehus. Divisjonen har til saman 27 stillingar for lege i spesialisering.

Fordjupingsområda er følgjande:

*  Affektive lidingar
*  Alderspsykiatri
*  C/L-psykiatri
*  Kortidsintervensjon (ved distriktspsykiatrisk senter)
*  Sikkerheitspsykiatri
*  Spiseforstyrringar
*  Tidleg psykose - tidleg schizofreni-spektrum lidingar (inkludert kombinasjon tidleg psykose – alvorleg rusliding)

I vikariatet vil du få tildelt teneste og godkjenning innanfor eit av tenesteområda rehabilitering, allmenn psykiatrisk poliklinikk, akutt, fordjuping eller valfri teneste. 

Vitnemål og attestar på godkjend relevant teneste skal leggjast ved søknaden. Det er vidare krav om politiattest ved tilsetjing, jf Psykisk helsevernloven kap. 4A-7.

Oppstartsdato for dei tre vikariata er 1. mars 2020.  

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar på spesialistnivå - sjukehus/DPS.
  • 24 av 27 LIS stillingar er for tida ein del av forvaktsordninga knytta til Psykiatrisk akuttmottak (PAM).
  • Vi legg til rette for at LIS legane får ta del i undervising, kurs og rettleiing slik spesialiseringsreglane i psykiatri krev.
  • Kandidatar i sideutdanning vil få moglegheit til å følgje kurs som er naudsynte for eigen spesialitet.

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-3 stilling i psykiatri.
  • Vi ønskjer oss legar med særleg interesse for psykiatri.
  • Du har god fagleg vurderingsevne.
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid innan psykiatrien og/eller forsking.
  • Den som søkjer må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Vi vil leggje vekt på kandidaten sin motivasjon og at vedkomande er personleg eigna til å arbeide innanfor psykisk helsevern.
  • Du har evne til å møte menneske i krise profesjonelt og empatisk, også dei med utfordrande framferd.
  • Dei som blir tilsette har eit tydeleg engasjement for fagfeltet og evner å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare.
  • Som person toler du å stå i krevande situasjonar over tid.
  • Du er god på å jobbe i tverrfaglege team og har vist vilje og evne til samarbeid i tidlegare arbeidsforhold.
  • Du har evne til å arbeide strukturert og målretta og har høg arbeidskapasitet.
  • Du har oversikt, og evner å prioritere riktig når det er travelt og mange oppgåver samtidig.

Vi tilbyr

  • Ei tilrettelagt spesialistutdanning, der utdanning blir prioritert.
  • Rotasjonsordning som sikrar at den einskilde kandidat får allsidig erfaring frå alle relevante tenesteområde innan spesialiteten psykiatri.
  • Moglegheit for å forske som ein del av spesialistutdanninga.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Ingrid Andersen Moe
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 92610704
E-post: ingrid.andersen.moe@helse-bergen.no
Navn: Kristin Bovim
Tittel: Utdanningsansvarleg overlege
Telefon: 98262955
E-post: kristin.jordheim.bovim@helse-bergen.no
Arbeidssted
Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen