Kort om arbeidsgiver
Omtale av stillinga
To nyoppretta kommunale fastlønnsstillingar for ALIS eller ferdig utdannede spesialister i allmennmedisin i veldrevet gruppepraksis.

Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 17 fastlegar i kurativ teneste, alle med private avtaleheimlar. I tillegg har kommunen for tida to stillingar for LIS1, ein sjukeheimslege i 80% stilling og ein Kommuneoverlege i 50 % stilling kombinert med 50 % stilling som sjukeheimslege. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga elles er fordelt slik at seks av legane har 8 - 20 % stilling til offentleg helsearbeid.

Vaktordninga er for tida 10-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.

Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa. Det gis god rettleiing og ein har ein veletablert bakvaktordning i forhold til legevakt. Legane og hjelpepersonell har jamlege samtreningar med lokal ambulanseteneste.

Kommunen har etablert ein frisklivsentral og har tilsett folkehelsekoordinator.

Ledig fastlegeheimler ved Husnes helsesenter med oppstart frå april 2020

Vi søkjer spesialistar i allmennmedisin eller legar som kvalifiserer seg til tilsetjing i LIS 3 stilling i allmennmedisin (ALIS). Hjemlene har eit listetak på 800 pasienter. Ved Husnes helsesenter arbeider i dag sju fastlegar i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 6400, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Helsesenteret har eige laboratorium og bioingeniør i 90 % stilling.

Kvalifikasjonar
"Norsk autorisasjon som lege
"Fullført norsk turnustjeneste/LIS 1 eller tilsvarende erfaring
"For søkjer med anna utdanning enn norsk, krevjast dokumenterte språkkunnskapar tilsvarande B2. Dette gjelder ikkje skandinaviske søkarar.
"Oppfyller kravene for å søke refusjonsrett overfor Helfo
"Det vert lagt vekt på personleg egnethet.
"Det må leggas fram politiattest ved tilsetjing.

Vi søker lege som i tillegg til ovenståande kvalifikasjonar
" Har interesse for allmennmedisin
" Er fagleg dyktig, positiv og serviceinnstilt
" Har evne til å arbeide sjølvstendig
" Har evne og interesse for samhandling og tverrfagleg samarbeid

Arbeidsoppgåver
" Utøvende legetjenester som fastlege i følgje lovverk
" Deltaking i kommunal legevakt etter gjeldande avtalar
" Kollegial fraværsdekning
" Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt

Vi kan tilby
" 100% fast stilling i Kvinnherad kommune
" Lønn i kombinasjon med prosentdel av Helfo-refusjonar etter avtale
" 4 kurative dagar og 1 administrasjonsdag/kontordag
" Listetak ca. 800 pasientar
" Strukturert spesialistutdanning med rettleiing
" Gode pensjons- og forsikringsordningar

Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta. Organisert smågruppetrening gjev teljande poeng for spesialisering og vedlikehald for spesialistar i allmennmedisin.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Søkjar bør ha sertifikat.

Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.

Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Irina Zimina
Tittel: Einingsleier
Telefon: 488 94 055
E-post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Navn: Glenn A. Opland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 977 09 308
E-post: glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
Navn: Sindre Nymark Jensen
Tittel: Fastlege Husnes helsesenter
Telefon: 996 19 313
E-post: sindre.nymark.jensen@kvinnherad.kommune.no
Arbeidssted
Stølshaugvegen 3
5460 HUSNES