Kort om arbeidsgiver
Det er ledig eit vikariat som fastlege ved Finnøy Legekontor. 40 % stilling som sjukeheimslege inngår i vikariatet.  Reduksjon i total stillingsstorleik kan viss ynskjeleg diskuterast. Vikariatet varer frå ca. 20. April 2020 til ca 20. Januar 2021.  

Det er tre fastlegar og ein LIS-1 ved Finnøy legekontor. 
Legane er sjølvstendig næringsdrivande i gruppepraksis med avtale om leige av kontorfasilitetar, sjukepleiarar og utstyr av Finnøy kommune (frå 01.01.20 Stavanger kommune). Finnøy Legekontor er lokalisert i Finnøy Rådhus, på Judaberg. I tillegg til fastlegekontor er det også daglegevaktkontor for noverande Finnøy kommune, frå 01.01.20 kommunedel Finnøy. 
Fastlegen pliktar å delta i legevakt. Utanom kontortid er legevakt organisert i eit interkommunalt samarbeid (Ryfylke legevakt) som omfattar kommunedelane Finnøy og Rennesøy i nye Stavanger kommune, samt Hjelmeland og Kvitsøy. Vi nyttar ein velutstyrt legevaktbåt ved behov, med eige fagpersonale. Stavanger legevakt er legevaktsentral. 
Vaktbelastning er fordelt på minst 13 legar. Legen har heimevakt. Legar som bur utanfor vaktdistriktet kan nytte eige vaktrom på Judaberg. 

Kvalifikasjoner
- Norsk autorisasjon som lege og gjennomført turnusteneste/Lis1 eller godkjenning som allmennlege med rett til trygderefusjon. 
- Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering, eller ønske om å bli spesialist i allmennmedisin. 
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. 
- Førarkort.  

Ved tilsetting krevst godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader, jf. lov om helsepersonell og lov om kommunale helse- og omsorgstenester.  

Andre opplysingar:  
Legepraksisen skal drivast i lokalar ved Finnøy Legekontor, i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, fastlegeforskrifta og anna relevant helselovgjeving. Dei vilkår som går fram av sentrale avtalar i fastlegeordninga, føringar frå HELFO og lokale føringar frå kommunen skal følgast. 
I vikariatet inngår 40 % jobb som sjukeheimslege ved Finnøy helse- og omsorgssenter. For den kommunale bistillinga skjer tilsetting etter kommunalt avtaleverk. 
 
Personlige egenskaper
- Fagleg engasjement og kompetanse blir vektlagt.  
- Interesse for allmennmedisin
- Søkar må ha gode samarbeidsevner, vere strukturert, ansvarsbevisst og ha gode kommunikasjonsevner. 
- Personlege eigenskapar blir tillagt betydeleg vekt. 
 
Vi tilbyr
- Ein variert og utfordrande arbeidskvardag, både på land og på sjøen. 
- Trivelege, stabile og dyktige kollegaer som kjenner kommunen godt. 
- Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø. 
- Eit veldrive legekontor med dyktige sjukepleiarar.  
- Flott natur.  
 
Velkommen som søkar!  
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Stavanger kommune (gamle)
Kontaktpersoner
Navn: Oda Henriette Benjamin Reite
Tittel: Fastlege Finnøy legekontor
Telefon: 45616633 etter kl. 15.00
Navn: Morten Hovdet
Tittel: Kommuneoverlege og fastlege Finnøy legekontor
Telefon: 95185195 etter kl. 15.00
Navn: Marit Johanne Anda
Tittel: konst. helsesjef
Telefon: 51508560
Arbeidssted
Finnøy legekontor
Judabergvegen 6
4160 FINNØY