Askvoll legesenter utvidar kapasiteten med 1 ny fastlegeheimel frå snarast.

Søkjar kan velje mellom fastlønn i 100% stilling eller næringsdrift, listetak 850. 4 dager kurativ praksis som fastlege, 1 dag kommunale oppgåver som tilsynslege ved sjukeheimen.

For søkjarar som er spesialistar i allmennmedisin, kan det komme til rettleiingsoppgåver for LIS1/LIS3 ved interesse.

Askvoll legesenter har per i dag 3 fastlegar og ein LIS1 lege. Vi har rutinert hjelpepersonell, 1 sjukepleiar og 4 helsesekretærar, totalt 3,15 årsverk.  Legesenteret er romslig, velutstyrt og ligg i relativt nye lyse lokale. Legesenteret er ein del av seksjon helse som omfattar helsestasjon, jordmor-, fysioterapi- og psykiatriteneste, samt nærmiljø/frivillighetssentralen. Seksjonen ligg under helse og omsorg med kommunalsjef, helse- og omsorg som øvste leiar. Askvoll legesenter har hatt stabil legedekning i svært mange år. Vi har et godt arbeidsmiljø, og godt samarbeid med den kommunale helsetjenesta.

2 av fastlegene er erfarne spesialistar i allmennmedisin. Dei arbeider som sjølvstendig næringsdrivande med «0-avtale» i tillegg til kommunale bistillingar. Ein fastlege er fast tilsett og under spesialisering i allmennmedisin (ALIS). Legesenteret dekker dagvakt frå kl. 08:00 - 15:30. Søkjar må rekne ca. 1 dagvakt per veke.

Askvoll kommune deltar i Sunnfjord Ytre Sogn Interkommunal Legevakt (SYS IKL), lokalisert i Førde fra kl. 15:30 -0800 på kvardagar og heile døgnet på helg og heilagdagar. Det utgjer ca. 2-3 vakter per måned per lege på SYS IKL (fastlønnsavtale).
 
Kvalifikasjoner :
  • Vi søkjer spesialistar i allmennmedisin eller legar som kvalifiserer seg til tilsetjing i LIS 3 stilling i allmennmedisin(ALIS).
  • Godkjent LIS 1
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Motivasjon for å bli spesialist i allmennmedisin og evt. samfunnsmedisin 
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg.
Personleg eignheit, interesse og kunnskap vil verte vektlagd.
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel.
Det er krav om framlagd politiattest før oppstart.
 
Vi tilbyr : 
  • pensjonsordning i KLP
  • flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • gode arbeidsforhold i fine lokale med trivelege kollegaer og personale
  • Kommunen vil hjelpe til med å skaffe bustad.
        
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Askvoll kommune
Kontaktpersoner
Navn: Maret Krannich
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: legekontor 57 73 46 00, mobil 958 63 258
E-post: maret.krannich@askvoll.kommune.no
Navn: Olaug Søreide,
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: legekontor 57 73 46 00, mobil 992 90 964
E-post: olaug.soreide@askvoll.kommune.no
Arbeidssted
Askvoll legesenter
Prestemarka 1
6980 ASKVOLL
Søk på stillingen