Kort om arbeidsgiver

Det er ledig vikariat for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam på døgnavdeling Folgefonn DPS på Valen og ein stilling ved allmennpsykiatrisk poliklinikk Odda/ valen.

Folgefonn DPS er ein seksjon i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i Kvinnherad, Odda, Jondal, Ullensvang, med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 22 000 innbyggjarar.

Folgefonn DPS har idag 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med 2 stillingar for overlege i psykiatri, psykolog og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.

Poliklinikken er fordelt på 2 lokasjonar, Valen og Odda. Poliklinikken har tilsatt 2 overlegar i psykiatri, psykologspesialist, psykologar, spesialsjukepleiarar og klinisk sosionom.  Det er gode samarbeidstilhøve mellom poliklinikk, ambulant eining og døgnpostar med sikte på å tilby eit heilskapleg og tverrfagleg behandlingstilbod.

 Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse områda:

  • Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar,
  • Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk.

Helse Fonna HF legg til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket. 

Det er mogeleg for LIS1 legar å søkja stilling, då det vert arbeid for å etablera samarbeid med somatisk sjukehus i Helse Fonna HF.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
  • Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
  • Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for treningspoliklinikk
  • Det er felles forvaktteneste med Valen sjukehus

Kvalifikasjonar

  • Godkjent medisinsk embetseksamen.
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande 
  • Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
  • Gode språkkunnskapar i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter ein fleksibel medarbeidarar med god arbeidsevne
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Gode kommunikasjonseevner
  • God teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsording, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Dag Gunnar Milje
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 53466530
E-post: dag.gunnar.milje@helse-fonna.no
Navn: Hege Lægreid Røssland
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 53466412
E-post: hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 26
5451 Valen
Søk på stillingen
Mer om arbeidsgiver

I Helse Fonna får du ein spennande arbeidskvardag med givande oppgåver. I Helse Fonna er vi meir enn...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image