Kort om arbeidsgiver

Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig ein 100% overlegestilling for spesialist i arbeidsmedisin ved Arbeidsmedisinsk poliklinikk (AMP). Lege som blir ferdig med spesialistutdanninga i arbeidsmedisin innan rimeleg tid kan og søkje stillinga.

Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for helseregion III (Rogaland, Hordaland samt Sogn og Fjordane). Arbeidsmedisinsk poliklinikk si hovudoppgåve er å påvisa og førebyggja helseeffekt/ sjukdom som skuldast påverknader i arbeidsmiljøet. Ved AMP er det tre overlegestillingar innen arbeidsmedisin og tre stillingar for legar i spesialsiering (LIS) i arbeidsmedisin. Den faste staben ved Arbeidsmedisinsk poliklinikk er breitt fagleg samansett med overlegar (arbeidsmedisin, lungemedisin, dermatologi og nevrologi), yrkeshygienikarar og nevropsykologar. Avdelinga er organisert i seksjonen Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Seksjon for klinisk spesialallergologi med Regionalt senter for astma, allergi og annen overfølsomhet (RAAO), Seksjon for hyperbarmedisin med hyperbar oksygenbehandling og dykkelegevakt, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin med Radio medico, sjukepleieseksjon og merkantil seksjon. Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester, to av dei er heilt eller delvis knytt til AMP: Nasjonal behandlingsteneste for spesifikk bronkial provokasjon og Nasjonal behandlingsteneste for yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar.

Det er eit utstrakt tverrfagleg samarbeid både innan og mellom seksjonane, og mellom seksjonane og andre relavante avdelingar både i Haukeland universitetssjukehus og helsetenesta for øvrig.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inngår i arbeidsmedisinsk klinisk aktivitet, førebyggjande arbeid, forsking og rettleiing av LIS i arbeidsmedisin
  • Poliklinikk, undersøking av eksponeringar i arbeidsmiljø, tverrfaglege forskingsprosjekt og undervising er difor prioriterte oppgåver 

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som lege
  • Må tilfredsstille krava i gjeldande nasjonalt regelverk for legar i spesialiteten arbeidsmedisin
  • Det blir lagt vekt på forskingserfaring og avlagt Phd innan relevant fagfelt
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå arbeidsmedisinsk institusjonsavdeling
  • Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne                    

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg i møte med pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande tilhøve      

Vi tilbyr

  • Trivelig arbeidsmiljø
  • Variert og interessant arbeid
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring                         
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Marit Grønning
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55973875
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5021 Bergen