Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har 3 faste stillingar for lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin.

Haukeland universitetssjukehus, avdeling for rusmedisin er godkjend for heile utdanningsløpet i rusmedisin. Avdelinga har ni godkjende spesialistar i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Stillinga vil vere godt eigna for fastlegar som treng sjukehusåret til spesialisering i allmennmedisin.

Avdeling for rusmedisin vart frå 01.12.2019 utvida til å omfatte tidlegare Bergensklinikken. Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling, og er delt inn i fleire seksjonar, m.a. døgnpostane på Askøy, Tertnes, Skuteviken, Martens, Klokkarvik og Manger i tillegg til poliklinisk verksemd fordelt på LAR med ansvar for ca 1000 pasientar, poliklinikk for unge, vaksenpoliklinikk, ambulante tenester og vurderingseining for alle tilvisingar til rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt.

Avdeling for rusmedisin sine avrusingseiningar er fordelt på Skuteviken og Askøy, poliklinikken er lokalisert til Bergen sentrum og kvar bydel i Bergen for LAR. Dei som vert tilsett vil starte i avrusingseining eller poliklinikk .

Arbeidsoppgåver

  • Postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av samtidige ulike rus- og avhengigheitslidingar, psykiatrisk og somatisk sjukdom
  • Deltaking i ansvarsgrupper med primærhelsetenesta og sosialtenesta
  • Mottak, undersøking og behandling av pasientar som blir lagt inn på tvang
  • Poliklinisk oppfølging av LAR pasientar

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Akuttmedisinsk erfaring er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med krevjande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
  • Vi ønskjer legar som kan arbeide sjølvstendig, men som søkjer råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
  • Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Camilla Methlie
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 48887009
Navn: Karl Trygve Druckrey-Fiskaaen
Tittel: Overlege
Telefon: 94146623
Navn: Ingvild Solli Hegland
Tittel: Legekoordinator
Telefon: 98842474
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen
Avdeling for rusmedisin
5021 Bergen