Kort om arbeidsgiver
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 
Vi er opptekne av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folket. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg arbeidstilhøva til rette om det trengst.

Gjev du til kjenne at du har innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan opplysningane du gjev, brukast til statistikkformål.

Om stillinga
Stillinga som er ledig, ligg i folkehelseseksjonen, og er ei fast stilling som fagdirektør/spesialrådgjevar innan smittevern. Seksjonen har mellom anna ansvar for smittevern, strålevern og miljøretta helsevern, og har etatsstyringsansvar for Folkehelseinstituttet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Sentrale oppgåver vil vere
  • smittevern,
  • smittevernberedskap, 
  • antibiotikaresistens,
  • vaksinar,
  • og internasjonale oppgåver på desse områda.   
Andre oppgåver knytt til porteføljen i avdelinga må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar
Du må ha
  • medisinsk embetseksamen med interesse for samfunnsmedisin, gjerne med klinisk erfaring og/eller erfaring frå forsking
  • relevant arbeidsrøynsle og kjennskap til fagområda i seksjonen
  • kjennskap til og gjerne erfaring frå internasjonalt arbeid på feltet
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode analytiske og strategiske evner 
  • god samfunnsforståing og interesse for politiske prosessar
  • kunne tryggingsklarerast.
Vi søkjer deg som 
  • har god rolleforståing,
  • tek initiativ,
  • har god gjennomføringsevne,
  • har gode samarbeidsevner,
  • er ein strukturert person med stor arbeidskapasitet,
  • jobbar sjølvstendig og under høgt tidspress med korte fristar og mange saker samstundes,
  • er løysingsorientert.
Vi tilbyr
  • Fast stilling
  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Løn etter avtale
  • Høgt kompetente kollegaer og eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • Høve til å vere tett på viktige avgjerder for helsetenestene
  • Fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar
  • God pensjons- og låneordning gjennom Statens Pensjonskasse
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vil du vite meir? 
Dersom du synest dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Elin Anglevik på telefon 97 52 44 94.

Slik søkjer du
Søknad sender du elektronisk via JobbNorge.no. Vitnemål og attestar må følgje søknaden.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    
 
Etter at søknadsfristen er ute, vert det laga ei offentleg og ei utvida søkjarliste. Søkjarar som har bede om konfidensiell handsaming, kan likevel førast opp på søkjarlista (jf. offentleglova § 25). I så fall vert søkjarane varsla før offentleggjering.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Kontaktperson
Navn: Elin Anglevik
Tittel: Avdelingsdirektør
Telefon: 975 24 494
Arbeidssted
Folkehelseavdelinga
Teatergata 9
0030 OSLO
Søk på stillingen