Kort om arbeidsgiver

Det vert ledig vikariat med mulighet for forlenging, for LIS (LIS i oftalmologi) ved Augeavdelinga, Førde sentralsjukehus i perioden 01.01.2020 - 30.06.2020. 

Augeavdelinga har 8 legestillingar, derav 3 LIS, optikar, otoptist og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet i alle delar av augefaget, i tillegg til høg kirurgisk aktivitet. Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit god arbeidsmiljø. 

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inneber arbeid som LIS ved augeavdeling/poliklinikk
  • Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med 2 operasjonsstover. Her vert all kirurgi innan augefaget i Helse Førde utført
  • I tillegg er det vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet
  • Ein vil måtte ta del i vaktordning p.t. 4-delt heimevakt

Kvalifikasjonar

  • Vi ønsker søkjar med erfaring i oftalmologi
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Utdanningsretning: Medisin
  • Utdanningsnivå: Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad 

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde
Kontaktperson
Navn: Odd Arne Standal
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 128
E-post: (+47) 971 85 386
Hjemmeside
Arbeidssted
Augeavdeling, Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde