Stord sjukehus har ledig overlegestilling for spesialist i indremedisin/spesialist i lungesjukdomar vikariat  frå 1/1-20 til 23/8-21.

Medisinsk avdeling ved Stord sjukehus har årleg  omlag 3.650 innleggingar, 9.000 polikliniske konsultasjonar og 1.500 dagpasientar.
Avdelinga har 7 overlegestillingar som dekker spesialitetane lungemedisin, nefrologi, kardiologi, endokrinologi og fordøyelsesjukdomar.

Avdelinga har 3-skikta vaktordning, med overlege i tertiervakt bak LIS1 og LIS 2/3, For tida 6 delt heime vakt. I avdelinga er det tilsett 7 overlege stillingar, 7 LIS 2 og 5 LIS 1. Det er 30 senger fordelt på 2 postar, observasjonspost med 4 senger, akuttmottak, felles intensiv avdeling, avdeling for hemodialyse samt poliklinikk.

Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF . Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/post opr., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi.  Opptaksområdet er på om lag 50.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og  aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med vidaregåande skule og høgskule. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/Flesland og sørover til Haugesund og Stavanger.
Det er også flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Det er arbeidsoppgåver knytta  til poliklinisk virksomhet og sengepostvirksomhet
  • Veiledning og supervisjon av LIS-leger
  • Bidra til utarbeiding og oppdatering av avdelingen sine  rutinar og prosedyrar 
  • Undervisningsoppgåver
  • Deltaking i vaktordning 

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistgodkjenning.
  • Søkjar må ha generell indremedisinsk vaktkompetanse.
  • Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg,
  • Gode norskkunnskaper er helt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, må minimum ha bestått Bergens-testen, eller anna norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Må trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • Evne til samarbeid
  • Like varierte utfordringar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Pensjonsordning i KLP, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Hjelp med bustad
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Eli Karin Solli
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 53 49 11 47
Navn: Hans O. Fadnes
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 53491000
Hjemmeside
Arbeidssted
ved Medisinsk avdeling, Stord sjukehus
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillingen
Mer om arbeidsgiver

I Helse Fonna får du ein spennande arbeidskvardag med givande oppgåver. I Helse Fonna er vi meir enn...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image