Kort om arbeidsgiver
20 % avtaleheimel for godkjend spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar er ledig frå 01.09.2020, eller etter avtale.
 
Spesialistsenteret ligg på Sotra ca. 20-25 min. frå Bergen sentrum. Det arbeider totalt 7 avtalespesialistar i denne godt innarbeidde eininga. Senteret har eit stort naturleg omland som inkluderer Bergen vest og folkerike kommunar på Sotra og Askøy. Praksisen har moderne drift, god pasientflyt og omsetnad.
 
Noverande innehavar ønskjer å trappe ned sin praksis i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer. 
 
Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokalar og i nært samarbeid med noverande innehavar. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.
 
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  • samarbeid med andre
 
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening.
 
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit forpliktande samarbeid med Helse Bergen HF om oppgåvefordeling og for å sikre gode pasientforløp, og kan bli bedt om å delta i undersøking og behandling av pasientar innanfor område med lang ventetid og/eller moglegheit for fristbrot. Dette vil verte regulert nærare i den individuelle driftsavtalen.
 
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell, når aktuell søkjar overtar heile avtaleheimelen.
 
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar – før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
 
Spørsmål om praksisen kan rettast til Kathe Aase, tlf. 56 31 37 60 / 97 59 05 96.   
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.
 
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Vest RHF
Kontaktpersoner
Navn: Kathe Aase
Tittel: Spørsmål om praksisen
Telefon: 56 31 37 60 / 97 59 05 96
Navn: Helse Vest ved Torleiv Bergland
Tittel: Spørsmål om heimelen
Telefon: 51 96 38 22
Hjemmeside
Søknad
Søknad sendes: Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 STAVANGER

Arbeidssted
Spesialistsenteret
Blombakkane 2
5354 STRAUME